Installasjon

Sjekk branntryggleiken i bustaden din!

Det vert tilrådd at du får teke ein el-kontroll på bustaden din kvart 5. år. Dette er ei billeg investering som skaper trygge rammer. Om lag 40 % av alle brannar kjem av uvettig bruk av det elektriske utstyret, eller at det er feil på dei faste installasjonane.

Har du synlege skadar i sikringsskapet ditt?

Dersom det er synlege skadar på sikringane må du ikkje røre noko i sikringsskapet, men kontakte elektrikar.
 

Er sikringane dine varme?

Sikringar og materiell i sikringsskap som er unormalt varme fører til mange kritiske brannar kvart år.


Hender det at ein eller fleire av sikringane dine går utan kjent årsak?

Dette kan skuldast jordfeil, feil bruk og/eller overbelastning av det elektriske anlegget ditt. Slike feil svekkar leidningsisolasjonen og kan føre til brann.
 

Har du overspenningsvern i sikringsskapet?

Frå midten av 2010 skal overspenningsvern vere installert i alle nye anlegg. Dette kravet er der primært for å hindre brann, men overspenningsvern kan også bidra til at elektronisk utstyr ikkje vert øydelagt ved torevêr osb. Er anlegget ditt frå før 2010 rår vi til å ettermontere overspenningsvern.


Har du jordfeilbrytar på alle sikringskursane dine?

Å ikkje ha jordfeilbrytar i sikringsskapet er som å ikkje ha airbag i bilen. Jordfeilbrytaren kan hindre brann og redde liv.


Får du støyt når du tek i elektriske apparat?

Dette er eit teikn på at det kan vere feil ved det elektriske anlegget ditt.
 

Har du skøyteleidning for å kople til produkt som trekker mykje straum?

Dei aller fleste skøyteleidningar er ikkje berekna på utstyr som trekkjer over 1000 watt. Feil bruk av skøyteleidningar resulterer i mange brannar kvart einaste år.
 

Er koplingsboksar, stikkontakter og brytarar heile og sit godt fast?

Barn forstår ikkje at det er farleg å ta på elektriske komponentar. Støv og fett er også brannfarleg når det får moglegheit til å trenge inn i elektrisk utstyr.
 

Sit veggmonterte leidningar godt fast?

Alle leidningar på vegg skal vere festa.
 

Har du varmeomnar som er dekt av gardiner, tepper, klede eller liknande?

Du er sjølv ansvarleg for det elektriske anlegget ditt og må sjå til at det elektrisk utstyret ikkje er dekt til.
 

Har du brannalarmar i bustaden din?

Brann-alarmen skal høyrast i alle soverom ved ein eventuell alarm. Gjer ein test og skaff fleire detektorar om nødvendig. Vi rår på det sterkaste til å ha seriekopla detektorar. Minst ein i kvar etasje og ein i alle soverom og tekniske rom.
 

Har du komfyrvakt?

Kravet til komfyrvakt ved oppussing av kjøkkenet og komfyr kom i 2010. Det døyr om lag 1 person annankvar månad på grunn av manglande komfyrvakt på kjøkkenet. Dette er difor blant dei viktigaste sikkerheits-investeringane i bustaden din.
 

Bestill el-kontroll!


 
 
 
 
Kontakt
 

Tussa Installasjon

Ulsteinvik tlf. 70 00 90 30
Ørsta tlf. 70 04 93 00

installasjon@tussa.no