Kva leitar du etter?

Placeholder green

Menneskerettar og anstendige arbeidsforhold

Kundane og samarbeidspartnarane våre skal vere trygge på at varene- og tenestene frå Tussa er produsert på ein måte som sikrar grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.

Openheitslova skal fremje verksemder si respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i samband med produksjon av varer og levering av tenester. Lova skal også sikre ålmenta tilgang til informasjon om korleis verksemder handterer negative konsekvensar for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.

Har du spørsmål om Tussa sitt arbeid med berekraft, grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold, så kan du kontakte oss. I følgje openheitslova er vi forplikta til å svare på skriftlege spørsmål innan tre veker.