
Etiske retningslinjer
Tussa har etiske retningslinjer som legg grunnen for å vere ein truverdig leverandør, ansvarleg samarbeidspart og ha eit godt og trygt arbeidsmiljø.
Tussa skal skape resultat der etikk, menneske og miljø er klare rammer for aktiviteten. Resultata som blir skapt skal fordelast i samsvar med lov, etter rettferdige prinsipp mellom interessentane og på tiltak som er forsterkande for selskapet i framtida. Når etiske dilemma oppstår er følgjande prioritering ei rettesnor:
- Sikre liv og helse
- Sikre miljø
- Sikre mot tap av tillit for konsernet
- Sikre mot økonomisk tap
Miljø og kraftproduksjon
Tussa produserer vasskraft, ei fornybar energikjelde som er svært miljøvennleg sett i forhold til dei fleste andre energikjelder. I fjernvarmeanlegget Ørsta eldhus, nyttar vi flis frå reint treverk og skogsvirke. I Tussa datasenter vert varmen serverparken genererer brukt til å varme opp hovudkontoret Tussatun, og det er lagt til rette for å kunne varme opp eksterne bygg. Kraftverksutbyggingar påverkar det ytre miljøet til dømes med inngrep i terreng og vassdrag, avfallshandtering og estetisk påverknad. Tussa legg vekt på å dempe negative miljøpåverknader ved å gjennomføre grundige konsekvensutgreiingar og gjennomføre naudsynte miljøtiltak. Anlegga vert utforma slik at dei skal gli godt inn i terrenget. I fleire regulerte vatn vert det sett ut fiskeyngel for å kompensere for eventuelle skadar. Konsernet set fokus på bruk av miljøvennlege produkt, og vi har gode system for avfallshandtering og kjeldesorterer alle typer avfall. Konsernet fyl lov- og regelverket som gjeld, og har ikkje fått påtale eller brote konsesjonsvilkåra.
Breiband
Tussa byggjer ut breiband og fibernett på søre Sunnmøre. Breiband med god kapasitet har blitt viktig for busetnad og kan bidra til å gjere små bygdesamfunn meir attraktive og bedrifter meir konkurransedyktige. Tussa tek også ansvar for å få bygd ut fiber til bygder utanfor sentrumsområda. Ved å jobbe etter ein dugnadsbasert modell, med tettare samarbeid med innbyggjarar og grendelag, er det mogleg å få bygd ut fiber til mindre sentrale område med færre innbyggjarar.
Arbeidsplass og HMS
Tussa er ein viktig arbeidsplass i nærmiljøet og har medarbeidarar med høg kompetanse innanfor ulike fagfelt. Tussa rekrutterer lokalt, og tek også i mot lærlingar og praksiselevar. Lærlingtida er ein viktig del av utdanninga, og som ei stor, lokal bedrift tek vi ansvar for å vere med å utdanne nye fagfolk. Tussa samarbeider med NAV og tek imot personar på arbeidspraksis. HMS-arbeidet er viktig i Tussa, og vi driv systematisk opplæring og oppfølging for å minimere sjukefråvær og skadar. Dei interne regelverka våre er nøytrale når det gjeld kjønn og etnisk bakgrunn.
Støtte til lag og organisasjonar
Tussa ønskjer å gi noko tilbake til nærområdet vårt, og områda der vi har fått løyve til å gjere inngrep i naturen for å skape verdiar. Kvart år sponsar vi lokale lag og organisasjonar i kommunane på søre Sunnmøre og Stryn.
God forretningsdrift
Tussa er eigd av åtte kommunar, eit kraftselskap og Kommunal Landspensjonskasse (KLP). Tussa har som mål å oppnå gode økonomiske resultat som gir eigarane god avkastning og sikrar konsernet si vidare utvikling. Samfunnsansvar er såleis ein balansegang der Tussa gjennom god forretningsdrift ønskjer å oppretthalde aktiviteten og ansvaret for menneske, miljø og samfunn, og samstundes vere konkurransedyktige og levere gode resultat og utbyte til eigarane.