Solid resultat for Tussa
Tussa leverte eit solid resultat i 2025, trass i krevjande marknadsforhold.
Konsernet fekk eit driftsresultat på 125,5 mill. kr og resultat etter skatt på 175,5 mill. kr. Både gjennom utbyte og skatt bidreg Tussa med betydelege verdiar som styrkar kommunale tenester, lokalsamfunna og staten.
Resultatet viser at Tussa står støtt trass i eit utfordrande marknadsbilete for kraftproduksjonen. Forretningsområda IKT og installasjon har auka både omsetninga og driftsresultatet i 2025.
Ekstraordinært bidrag frå Linja
Konsernresultatet er særleg påverka av eit svært godt resultat i Linja, som Tussa eig 32,9 prosent av. Linja fekk ei ekstraordinær harmoniinntekt som følgje av fusjonen mellom Mørenett og Linja. Samstundes bidrog høgare produksjonsvolum innan kraftproduksjon og vekst innan IKT og installasjon til å løfte resultatet.
I 2025 gjennomførte Tussa fusjonane med PC Support og Nordvest Elektro Drift. Dette har styrkt både kapasiteten og kundetilbodet i regionen, og gitt betydeleg aktivitetsvekst både i Tussa IKT og Tussa Installasjon.
Lågare kraftprisar, men høg produksjon
Driftsresultatet for kraftproduksjonen vart 92,8 mill. kr, noko lågare enn året før. Kraftproduksjonen var samstundes høg, med 867 GWh, 107 prosent av normalproduksjonen.
- Lågare kraftprisar og lågare prisar på opphavsgarantiar prega året, men god produksjonsplanlegging og høg oppetid i anlegga bidrog til å dempe utslaga, seier Olav Osvoll.
Tussa har også teke viktige steg for framtidig produksjon. I juni fekk konsernet konsesjonsfritak for effektoppgradering av Tussa kraftverk på Bjørke. Det nye kraftverket, Tussa II, er planlagt med ein installert effekt på 150 MW.
Ein viktig samfunnsaktør på Nordvestlandet
Tussa er eit leiande energi- og teknologikonsern på Nordvestlandet, med hovudkontor i Ørsta og verksemd fleire stader i regionen. Konsernet produserer fornybar energi frå 29 vasskraftverk, byggjer og driftar fiberinfrastruktur, leverer IT-tenester og er ein stor aktør innan elektroinstallasjon.
I 2025 bidrog Tussa med betydelege verdiar til eigarane gjennom utbyte og skatt, samstundes som konsernet heldt fram som ein viktig samfunnsaktør og arbeidsgjevar i regionen. Tussa hadde 309 medarbeidarar ved utgangen av året, og av desse var 24 lærlingar i elektrofag og IKT-servicefag.
Nøkkeltal for Tussakonsernet i 2025
Tal for 2024 står i parentes.
- Driftsinntekter: 963,3 mill. kr (891,3)
- Investeringar: 195,6 mill. kr (178,3)
- Driftsresultat: 125,5 mill. kr (150,2)
- Resultat før skatt: 226,0 mill. kr (171,4)
- Resultat etter skatt: 175,5 mill. kr (108,2)
- Skattekostnad: 50,6 mill. kr (63,1)
- Ordinært utbyte: 76,2 mill. kr (69,4)