Kva leitar du etter?

Opplev hareid

Vinn festivalpass til Seinsommarfest

02.08.2023

Fyll ut skjemaet og bli med i trekkinga av festivalpass til Seinsommarfesten på Hareid.

Tussa er stolt sponsor av Seinsommarfesten på Hareid 11-13. august. Difor delar vi ut 12 festivalpass som gir tilgang til konsertane med GunSmoke, KNEKT og Broad Line laurdag kveld. Dette er gode liveband som spelar kjende klassikarar med gode sceneshow.

I tillegg til konsertar kan festivalen skilte med mange gratisaktivitetar for store og små. For dei yngste blir det mellom anna gaming med e-sportklubben Metizport, UKM-festival og besøk av både Fantorangen og brannbamsen Bjørnis. Heile programmet finn du her.

Konkurransen er no avslutta, og vinnarane vil bli kontakta. Takk til alle som deltok!

Konkurransevilkår

Du deltek i trekkinga ved å fylle ut skjemaet på denne sida. Vinnarane blir trekt tilfeldig blant deltakarane. Trekkinga blir gjennomført 8. august. Vinnarane blir kontakta per e-post, og namn og kontaktinformasjon blir sendt over til arrangøren. Vinnarane blir annonsert med namn i Tussa sitt nyheitsbrev. Tilsette i Tussa kan ikkje vere med i konkurransen.

Konkurransen gjeld festivalpass som gir tilgang til konsertane med GunSmoke, KNEKT og Broad Line 12. august. Aldersgrense er 18 år. Spørsmål knytt til arrangementet rettast mot arrangør. Atterhald om endringar i programmet. Oppdatert informasjon om arrangementet finn du på opplevhareid.no.

Seinsommarfest logo