

Tussa og Hødd fornyar sponsoravtale
Tussa har signert ny hovudsponsoravtale med Hødd Fotball for dei neste to åra.
Tussa har vore ein lang og trufast hovudsponsor for Hødd Fotball i veldig mange år og klubben er særs nøgd med å forlenge dette samarbeidet.
- Tussa har vore ein samarbeidspartnar i med- og motgang, opp- og nedturar i veldig mange år. Det at vi har blitt einige om ein ny hovudsponsoravtale for dei neste to åra er veldig gledeleg. Tussa er ein særs viktig aktør i lokalsamfunnet, og denne avtalen gjer at vi kan halde oppe det gode aktivitetstilbodet til barn og unge i Hødd. Tussa er ein av dei største og viktigaste samarbeidspartnarane til Hødd Fotball og vi ser fram til å fortsette og vidareutvikle dette samarbeidet. Tusen takk til vår hovudsponsor Tussa som er med oss vidare dei neste to åra, seier Marknad- og medieansvarleg i Hødd Fotball, André Aurvåg Gardshol.
- Tussa ønskjer å vere ein lokal og ansvarleg medspelar, og vi har eit godt samarbeid med Hødd. Skal vi skape attraktive lokalsamfunn å bu og arbeide i er vi avhengige av gode fritidstilbod. Hødd er ein av dei største klubbane på søre Sunnmøre, og ein viktig bidragsytar til dette. Tussa er stolte over å kunne støtte både små og store lag og organisasjonar i området, og bidra til eit mangfald av kultur- og idrettsaktivitetar, seier Ann Kristin Einbu, kommunikasjonssjef i Tussa.
Hødd Fotball ønskjer å takke Tussa for avtalen og ser fram til eit godt samarbeid vidare.