Kva leitar du etter?

Molvik Bodil web
Bodil Molvik, berekraftsansvarleg i Tussa

Tussa har blitt medlem av UN Global Compact

09.10.2025

Tussa har meldt seg inn i UN Global Compact, eit frivillig initiativ for utvikling, implementering og open rapportering av ansvarlege forretningspraksisar.

Med dette går Tussa inn i eit globalt fellesskap av verksemder som arbeider for å ta ansvarlege val og bidra til ei berekraftig utvikling. UN Global Compact oppmodar verksemder over heile verda til å tilpasse drift og strategiar til ti prinsipp innan menneskerettar, arbeidsliv, miljø og antikorrupsjon, og til å støtte opp under FN sine berekraftsmål. I tillegg skal verksemda rapportere om årleg framdrift og tiltak.

Initiativet vart etablert i år 2000 og er i dag det største globale nettverket for berekraft i næringslivet, med over 20 000 deltakarar frå meir enn 160 land.

For Tussa betyr dette at vi forpliktar oss til å integrere dei ti prinsippa i strategiar og dagleg drift, og til å vere opne om framdrift og utfordringar. Det er eit naturleg steg vidare i arbeidet med berekraft.
Bodil Molvik, berekraftsansvarleg i Tussa.

Deltakinga i UN Global Compact vil bli synleggjort på organisasjonen sine nettsider, og Tussa vil rapportere årleg gjennom det som blir kalla Communication on Progress.

Joining The Initiative Twitter LN

Kvifor blir verksemder med i UN Global Compact?

Verksemder som blir med i UN Global Compact deler ei felles overtyding: at forretningspraksis som byggjer på universelle prinsipp bidreg til ein meir stabil og inkluderande global marknad. Dette legg grunnlaget for samfunn der både folk og verksemder kan utvikle seg og lukkast. Gjennom aktiv deltaking er verksemder med på å setje ein global standard for berekraftig og ansvarleg drift.