Kva leitar du etter?

Søk om sponsormidlar frå Tussa

04.01.2024

Tussa er engasjert og stolt støttespelar til små og store lag og organisasjonar i kommunane på søre Sunnmøre, Stryn og Stranda. Søknadsfristen er 15. januar.

Det store utvalet av frivillige lag og organisasjonar skaper liv og mangfald i bygdene våre, og gjer lokalsamfunna til attraktive stader å bu, arbeide og besøkje. Det vil Tussa støtte. Vi er til stades på fotballstadion, deltek på lan-party, gir vekk refleksvestar til 1. klassingane våre, og samarbeider med korps, kor og festivalar.

Desse støttar vi

Vi støttar i all hovudsak frivillige lag og organisasjonar som driv aktivitet for barn og ungdom i kommunane Volda, Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Stryn og Stranda. Sponsormidlane blir fordelte etter prinsippet om å gi litt til mange, i staden for å vere hovudsponsor for nokre få. Aktiviteten skal treffe mange, og tiltak som legg vekt på miljø og berekraft vil bli prioriterte.

Kvart år mottek rundt 200 lokale lag og organisasjonar sponsormidlar frå Tussa.

Vi sponsar ikkje:

  • Bygging eller oppussing av bygg eller andre anlegg som til dømes kunstgrasbaner, idrettshallar eller turvegar
  • Enkeltpersonar og enkeltpersonar sine prosjekt
  • Aktivitetar som er det offentlege sitt ansvar
  • Religiøse eller politiske organisasjonar
  • Skuleturar/studiereiser

Samfunnsansvar

Tussa sin visjon er å ha kraft til å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. Vi er opptekne av at verksemda vår skal vere til det beste for menneska, miljøet og samfunnet rundt oss.