Kva leitar du etter?

230503 Passorddagen

På tide å knuse passordmytane

04.05.2023

Kanelbollen sin dag, tannpinedagen, naken-i-hagen-dagen, og blåmåndag-dagen. Merkedagane har blitt mange. Sidan 2013 har også verda sin passorddag vore den første torsdagen i mai, og markering av nettopp denne dagen har aldri vore viktigare!

Rundt halvparten av oss stolar framleis på eigen hugs for å ta vare på passorda våre, og brukar dei same passorda både privat og på jobb.

Gode passord og trygg bruk av desse er avgjerande for å hindre tilgang for uvedkomande. Det er lite hjelp i å låse huset om altandøra står på vidt gap.

I høve verda sin passorddag vil vi rett og slett argumentere mot dårlege unnskyldningar for å ikkje ta tak i passorda dine.

1. Det er ikkje så farleg om nokon hackar meg på Facebook. Eg har ingenting å skjule

Sjølv om du ikkje har lagt ut noko hemmeleg på Facebook, fortel dei som har fått kontoen sin hacka eller kopiert at det er ei ekkel kjensle å sjå sin eigen informasjon utan å ha tilgang til den.

Når nokon hackar kontoen din kan dei sende melding til venene dine, og lure dei til å gje frå seg viktig informasjon. Dersom du har brukt det same passordet i sosiale medium som du har brukt for banktenester eller på jobb, kan det raskt skape meir trøbbel.

2. Eg har altfor mange passord til å hugse dei. Då er det betre med nokre få passord som eg greier å hugse

Dei fleste av oss har definitivt fleire passord enn vi greier å hugse, men vi meiner at dagane der vi hugsar passord er forbi. Tvert imot er det viktig å bruke eit unikt passord alle stader, slik at ein ikkje blir hacka fleire stader samtidig.

Ved å bruke ein passordbank har du eitt hovudpassord som gir deg tilgang til alle. Hugs at hovudpassordet må vere vanskeleg å gjette! Det kan faktisk vere ein god idé å skrive det ned på papir og oppbevare det ein trygg stad.

3. Eg er ikkje viktig. Dei vil sikkert heller hacke nokon med ei viktigare rolle eller betre økonomi

E-posten din eller brukarkontoen din i systema på jobb kan gje informasjon som uvedkomande treng for å hacke seg vidare inn, og kan potensielt koste bedrifta du jobbar i både tid, pengar og arbeidsplassar.

Mange angrep er ikkje målretta mot ein bestemt person. Dersom nokon med uærlege føremål har fått tak i e-postadressa di vil du raskt bli utsett for svindelforsøk, der du til dømes blir beden om å dele kontakt- eller betalingsinformasjon.

4. Eg er godt forsikra, og dersom nokon tek meg blir det banken sitt problem

Sjølv om nokre forsikringar dekkjer cyberkriminalitet, er det vanskeleg og tidkrevjande å få tilbake tilgangen til kontoane dine. Det ein kompromittert konto deler og sender ut kan også påverke det gode namnet og ryktet ditt. Du kan heller ikkje vite sikkert om uvedkomande har fått tilgang til andre kontoar med sensitive opplysningar.

Dessutan er eigenandelen ofte frå 2500 kroner og oppover dersom du blir utsett for cyberkriminalitet. Slikt freistar det lite for oss sunnmøringar å bruke pengar på.

5. Jada, masa. Eg skal fikse nytt passord, men det får bli ein annan dag

I morgon er aldri i dag, og den ekstreme auken i datakriminalitet gir oss ikkje tid til å vente. Gjer det i dag. Ja, faktisk burde du gjere det akkurat no på sjølvaste passorddagen. Ved å følge desse enkle stega kjem du raskt i gang:

  1. Finn ein eigna passordbank og opprett profil og hovudpassord. Vi tilrår tenesta Lastpass.
  2. Legg inn passordbanken både på datamaskina di og på mobilen. Slik får du tak i passorda dine når du treng dei, uansett kvar du er.
  3. Kvar gong du brukar ei netteneste framover endrar du passordet, og let passordbanken din generere eit nytt passord for deg. Det same gjer du når du skal ta i bruk nye tenester og opprette nye profilar.

6. Eg veit ikkje korleis eg lagar eit trygt passord

Eit godt passord er langt (minst 14 teikn). Du kan til dømes bruke ei setning på minst tre ord med mellomrom. Orda bør ikkje høyre naturleg saman, og dei kan gjerne innehalde tal og teikn. Slike passord er ganske enkle for deg å hugse, men vanskeleg for ei datamaskin å knekke.

I dei fleste tenester får du tilbod om å aktivere såkalla totrinnsverifisering eller tofaktorautentisering. Dette bør du gjere der det er mogleg. Det tyder at du berre får logge inn dersom du kan presentere to prov for identiteten din. Der det eine er passordet ditt, kan det andre vere å få ei kode på SMS, e-post eller å stadfeste frå ein eigen autentiserings-app på telefonen din.

Dersom du kjem i den situasjonen at passordet ditt kjem på avvegar, vil tofaktor likevel hindre at nokon får tilgang til kontoen din. Dersom du får eit varsel om at nokon har prøvd å logge seg på frå ein stad du ikkje kjenner til, bør du likevel endre passordet ditt med ein gong.

Vi vonar du blir med å feire passorddagen ved å gå gjennom passorda dine!

IT-tenester

Passordbank

Passordbank gir medarbeidarane dine ein sikrare og enklare kvardag. Dei slepp å hugse passorda sine, og jobb-passorda vert ikkje lagra saman med private passord.