Nyopning av Nesset kraftverk
Nesset kraftverk er ikkje stort, men gir likvel eit viktig bidrag til det grøne skiftet. I går starta Tussa opp att kraftverket på Hareid, som har fått ny røyrgate, lukehus og røyrbrotsventil.
Nesset kraftverk ligg i Snipsøyrdalen på Hareid, og er det minste av Tussa sine vasskraftverk. Normalproduksjonen er på 2,5 GWh i året, noko som betyr at kraftverket produserer nok til å forsyne rundt 125 gjennomsnittsbustader med straum i eitt år.
Grunna ei lekkasje i røyrgata vart kraftverket stoppa i påska 2017. No har Tussa lagt ny røyrgate frå Svartevatnet og ned til kraftstasjonen. Røyrgata er 1 kilometer lang og nedgroven i heile lengda si. I tillegg er det bygt nytt lukehus i Svartevatnet. Aurvoll og Furesund har vore utførande entrepenør for arbeidet. I tillegg har Hywer, Betongpartner og HS Risebygg vore involvert i prosjektet.
Nyopning
Onsdag 9. november inviterte Tussa grunneigarar, entreprenørar og ordførar i Hareid kommune, Bernt Brandal til nyopning av kraftverket.
- Dette har vi venta lenge på, sa grunneigar Willy Nesset, som var særs nøgd med å få kraftverket i drift igjen. Han takka både Tussa og entreprenørane for godt samarbeid i anleggsperioden.
Det gjorde også ordførar i Hareid, Bernt Brandal. Han hadde første møte med Tussa om Nesset kraftverk då han var ny som ordførar, og roste prosjektet og samarbeidet. Og sjølv om kraftverket ikkje er stort, så poengterte ordføraren at alle monnar dreg, og gratulerte både Hareid og Noreg med at det no vert produsert fornybar energi på Hareid.