Kva leitar du etter?

Netflix telia

No får du Netflix i Valmenyen

17.03.2022

Du kan no velje inn Netflix med TV-poenga dine i Valmenyen, heilt utan ekstra kostnad.

I tillegg til dei faste kanalane har du 50 poeng som du kan bruke på dei kanalane og strøymetenestene du ønskjer, og no kan du velje inn Netflix med desse poenga. Dersom du treng fleire poeng kan du bestille dette ved å ta kontakt med kundesenteret.

Har du ein Netflix-brukar frå før? Ikkje noko problem. Du får med deg brukarprofilen og historikken din vidare.

Slik får du Netflix i TV-pakken

TV

Treng du fleire TV-poeng?

Viss du treng litt fleire TV-poeng å rutte med, slik at du kan ha både Netflix og ein annan strøymeteneste samstundes, så kan du kjøpe ekstra.

10 ekstra poeng kostar 25 kr/md., og det er sjølvsagt inga bindingstid.