Kva leitar du etter?

Adobe Stock 178608933 scaled
Foto: Ulstein Boligmesse

Møt oss på Ulstein Boligmesse

21.06.2022

Skal du byggje hus eller hytte, pusse opp eller renovere bustaden din? Ta turen innom standen vår på Ulstein Boligmesse 23. - 25. juni.

På bustadmessa møter du bankar, utbyggjarar og leverandørar innan byggjebransjen, som vil gje gode tilbod, rettleiing og nyttige råd. På stand 216 møter du Tussa som stiller med kundeservice, konkurransar og eksklusive messetilbod. Denne helga er det òg Heimebanefest i Ulsteinvik, som byr på konsertar og aktivitetar for store og små, og skapar mykje liv og røre i sentrum.

Messetilbod på elbilladar

Kom innom standen vår for å få Easee Home (16 A/32 A) inkludert kursopplegg og montering til 11990,-/14990,- (du sparar 1000,-).

Alle som ber om kampanjetilbod på ladestasjon i løpet av bustadmessa er med i trekkinga av ein gratis ladestasjon (ekskl. montering, verdi 6999,-).

Konkurransar og gode tilbod

Vi har òg konkurransar på standen der du kan vinne flotte utelampar frå SG Armaturen og konsertbillettar til "The Rocket Man", ein hyllest til verdsstjerna Elton John 10. september i Sparebanken Møre Arena.

Bur du i eit stort hus, eller har hus over fleire plan? Då kan Premium WiFi-løysinga vår vere det du treng for å få optimal dekning i bustaden din. Møt oss på standen for å få gratis etablering på Premium WiFi (du sparar 990,-).

Vi har òg messetilbod på TV og strøyming, og no kan du få gratis etablering, fire månader gratis TV, og nye Telia Box inkludert utan ekstra kostnad (du sparar 3782,-).

Gaming-stand med Metizport

I samarbeid med e-sportklubben Metizport tilbyr Tussa ein gaming-stand under bustadmessa. Her har vi sett opp Tussa sin maskinpark med fleire populære spel som store og små kan prøve, og få god rettleiing frå karane i Metizport.

E-sportmiljøet på søre Sunnmøre er i stor vekst, og i tillegg til å vere ein leiande e-sportklubb i nasjonal samanheng, gjer Metizport mykje for å skape ein lokal møteplass for e-sport, og har blant anna nyoppussa lokale i Myrvåg. Du kan lese meir om klubben på metizport.com.

Ulstein Boligmesse har sitt eige magasin! Her kan du lese meir om programmet, aktivitetane og bedriftene som deltek på bustadmessa. Du kan laste ned magasinet her. Du kan lese meir om bustadmessa og deltakarane på ulsteinboligmesse.no.

Vi gler oss til å møte deg på Ulstein Boligmesse 23. - 25. juni!