Kva leitar du etter?

Adobe Stock 314248080

Slutt på momsfritak for nyheitstenester

20.01.2023

Regjeringa har bestemt å fjerne momsfritaket for elektroniske nyheitstenester frå 1. januar 2023. Det betyr at store delar av mediebransjen og alle distributørar, som Telia, frå 1. januar 2023, må betale full moms til staten for distribusjon av nyheitsinnhald. Som følgje av at momsfritaket blir fjerna, aukar Telia prisen på TV-pakkane sine.

Lurer du på noko?

  • Nei. Regjeringa har bestemt å fjerne momsfritaket for distribusjon av nyheitsinnhald frå 1. januar 2023. Som følgje av det aukar Tussa prisen på TV-pakkane sine.

  • Nei, det er ikke mogleg. Momsfritaket for elektroniske nyheitstenester, som no er fjerna, gjeld nyheitsinnhald som til ei kvar tid inngår i Telia sitt TV-tilbod. Dvs. innhald som både er ein del av det faste innhaldet, og ei rekkje kanalar som alle kundane våre kan velje å ha.

  • Sidan dette er ei avgiftsendring pålagt av staten er det ikkje mogleg å heve avtalen.

  • Tussa eller Telia tener ikkje noko på endringa. Meriverdiavgift, også kalla moms, er ei avgift som forbrukarar betalar til staten. Tussa, og andre bedrifter, har ansvaret for å krevje inn denne avgifta av kundane på vegne av staten.

  • Telia ønskjer å ha eit breitt utval av innhald i TV-pakkane sine, og ønskjer å gi kundane moglegheit til å lage sine eigne pakkar med innhald som passar dei.

    Behovet for nyheiter er stort, og fleire ønskjer tilgang til nyheiter frå heile verda og på andre språk enn norsk. Dette var til dømes eit stort behov då krigen i Ukraina braut ut. Difor har Telia eit breitt utval nyheitskanalar som kundane heilt fritt kan velje å leggje til i pakkane sine etter behov.

  • Nei, innhaldet i TV-pakkane vert ikkje endra. Vi har framleis konkurransedyktige prisar på TV-pakkar og eit breitt og godt tilbod av innhald.

  • Ny pris vil gjelde frå og med 1. februar.

Ta kontakt viss det er noko du lurer på

Finn du ikkje svar på det du lur­er på? Ta kon­takt med kun­de­sen­teret vårt så kan vi hjelpe deg. 


Opn­ingstider:
Måndag — fredag: kl. 08.00 — 19.00
Lau­rdag: kl. 12.00 — 15.00