Kva leitar du etter?

IMG 1244

Kan du spare på å velje TV frå Telia?

01.09.2022

Kor mange strøymetenester abonnerer du på? Det er fort gjort at det ballar på seg, og nordmenn abonnerer i gjennomsnitt på 2,84 ulike strøymetenester. Med TV frå Telia kan du byte ut TV-kanalar med strøymetenester, og kanskje er det litt å spare?

Visste du at du kan velje inn og ut strøymetenester så ofte du vil, heilt utan bindingstid? Ein brukar ofte ikkje alle strøymetenestene samstundes. Kanskje vil du sjå ferdig den nye sesongen av Stranger Things før du går over til House of the Dragon? I Valmenyen er det enkelt å byte mellom ulike strøymetenester.

Dersom du til dømes abonnerer på Netflix, HBO Max, Viaplay, TV 2 Play og Paramount+, betalar du 545 kroner kvar månad.

Netflix

109 kr

HBO Max

89 kr

Viaplay

139 kr

TV 2 Play

139 kr

Paramount+

69 kr

Med abonnement på TV og Internett 300/300 får du 199 kroner i pakkerabatt. Då betalar du berre 300 kroner for TV frå Telia, og kan velje fritt mellom over 100 kanalar og strøymetenester. For deg som ikkje har TV-abonnement frå før kan du difor spare 2940 kroner i året på å abonnere på strøymetenestene gjennom Telia Play. For deg som har TV frå ein annan leverandør kan du spare heile det beløpet i tillegg.

I tillegg til dei vanlege strøymetenestene får du tilgang til kvalitetsinnhald for store og små, heilt utan ekstra kostnad. Inkludert i abonnementet får du til dømes strøymetenesta SF Kids, med høgt elska klassikarar som Pippi, Emil, Ronja og Albert Åberg.

Digital-TV

TV frå Telia

  • Med TV frå Telia får du full oversikt, og betalar akkurat det same kvar månad.
  • Alt innhaldet er samla i Telia Play-appen, tilgjengeleg på iOS, Android, Apple TV, smart-TV og i nettlesaren.
  • Du kan byte mellom forskjellige strøymetenester så ofte du vil.
  • Sjå det du vil, der du vil, når du vil.