Kva leitar du etter?

Stolpeklatring
Tussa Installasjon i gang med å leggje fiber i Dalsfjorden

Fiberutbygging i Dalsfjorden

21.04.2022

Arbeidet med å få fiber til Dalsfjorden er godt i gang. Det er om lag 150 husstandar og 10 bedrifter som får fiber etter denne utbygginga.

Internettet vil gå like raskt til lands som til vanns og i lufta med, når utbygginga er ferdig i Dalsfjorden. For å føre fiberen fram til kundane i bygdene langs fjorden vert det hengt opp 18 000 meter fiberkabel i lufta, 7 000 meter i jorda og 24 600 meter i sjøen som sjøkabel.

Det er totalt 8 strekk med sjøkabel innover fjorden:

  • Lauvstad – Nautvika (5000 m)
  • Nautvika – Dravlaus (2100 m)
  • Løvikneset – Lyngneset (1400 m)
  • Lyngneset – Aksnes (4000 m)
  • Aksnes – Dalsbygda (1800 m)
  • Dalsbygda – Fjøsneset (4900 m)
  • Fjøsneset – Hatleneset (4100 m)
  • Hatleneset – Åmelfot (1300 m)


Dei første kundane vil bli kopla til fibernettet no i vår, og dersom alt går som planlagt vil alle ha fått fiber i løpet av hausten.