Marius Gaustad, Simon Ertesvåg og Truls Ristesund etter meget godt bestått fagprøve. (Foto: Opplæringskontoret for elektrofag)
Fem ferske fagbrev
28.01.2022
Fem av dei dyktige lærlingane våre har nyleg bestått fagprøven med karakteren meget godt bestått.
Dei fem nye elektrikarane er Remy Boska Husevåg, Jonas Vatsaas, Simon Ertesvåg, Marius Gaustad og Truls Ristesund.
Lærling i Tussa
Tussa er ei av dei største lærlingbedriftene i fylket på elektro. Som lærling i Tussa får du fagopplæring av høg standard og ei variert læretid med mange spennande utfordringar.
Kvart år har vi rundt 20 lærlingar, fordelt på Tussa Installasjon sine avdelingar i Ørsta, Ulstein og Herøy.