Oppsett av utstyr
På denne sida finn du brukarrettleiingar og råd for oppsett av digital-TV.
Velg område
Velg produkt
Telia Box
Lenkjer
Gjer klart

Du finn alt du treng i Telia Box-øskja. Sjekk at du har alt klart før du startar oppkoplinga.
Kople til nettverksuttak

Har du eit nettverksuttak eller eit fibermodem skal desse brukast.
- Du kan kople Telia-boksen anten til nettverksuttaket eller til fibermodemet ditt.
Fibermodem
Kople nettverkskabelen frå ETHERNET-porten på Telia-boksen, og den andre enden i LAN-porten på fibermodemet.
Nettverksuttaket
Kople nettverkskabelen frå ETHERNET-porten på Telia-boksen og i nettverksuttaket.
Mrk. ikkje bruk 2.5G porten. - Sett HDMI-kabelen i porten merka HDMI på Telia-boksen, og den andre enden i porten merka HDMI på TVen.
- Kople straumkabelen i porten merka POWER på Telia-boksen, og den andre enden i ei stikkontakt.
Førstegangsoppsett

Etter at Telia-boksen er korrekt tilkopla kan du starte den opp.
Du vil no gå igjennom ein del steg, så følg anvisningane på skjermen nøye. Her har vi henta fram dei to viktigste stega.
-
For å logge inn med Google må du ha ein Google-konto. Du kan logge inn med Gmail-adressa di. Dersom du ikkje har ein Google-konto kan du klikke på "Logg på" og velje "Opprett konto". Du kan òg leggje til og opprette ein Google-konto seinare ved å gå til Innstillinger > Kontoer > Legg til konto. Velg då kontotype Google.
NB! Du må ikkje logge på med ein Google-konto, men dersom du ikkje gjer det vil du ikke kunne bruke enkelte tenester.
-
Ved å aktivere Bluetooth-tilkoplinga kan du bruke fjernkontrollen kvar som helst i rommet utan å måtte peike den mot Telia-boksen. I tillegg kan du bruke stemmesøk. Fjernkontrollen fungerer òg utan Bluetooth-tilkopling. Bluetooth kan aktiverast seinare i innstillingsmenyen til dekoderen.