Kva leitar du etter?

Sandetun sjukeheim valde SolarAnchor

Sandetun sjukeheim på Larsnes har fått solcelleanlegg på taket. I dette prosjektet brukte Tussa for første gong det nye festesystemet vårt for flate tak, SolarAnchor.

Kjell Hauge, prosjekt- og byggeleiar i Sande kommune seier at løysinga fungerer godt. 

 

Vi ser det vart ei smekrare og finare løysing. Med innfesting og ballast i eitt og same system, så vart byggjetida kortare. I tillegg er det eit berekraftig system, som både er produsert og levert lokalt.
Kjell Hauge, prosjekt- og byggeleiar i Sande kommune

Utvikla for norske forhold

SolarAnchor er utvikla av Tussa i samarbeid med entreprenørverksemdaA. Våge. Systemet kombinerer ballast og festing i ein komponent, noko som gjer arbeidet på taket enklare og billegare.

For deg som kunde betyr dette: 

  • Raskare og billegare montasje
  • Ballasten er konstruksjonen, det er ikkje behov for ekstra strukturar
  • Integrert kabelgate for ryddig kabelføring
  • Norskprodusert med kortreiste og miljøvennlege material

Enkel og trygg løysing

Per Kristian Kile, gruppeleiar næring i Tussa Installasjon forklarer bakgrunnen slik: 

- Vi ønskte ei løysing som gjer montasjen enklare, samstundes som ho toler det veret vi har her. 

Produktutviklaren forklarer løysinga

Kva gjer SolarAnchor til eit betre og billegare festemateriell for solcellepanel? I filmen møter du produktutviklaren bak løysinga. 

Lågare energikostnader

Solcelleanlegget på Sandetun sjukeheim gir kommunen lågare energikostnader, samstundes som det er eit anlegg som er bygt på lokale løysingar og lokal kompetanse. Forventa årsproduksjon på anlegget er  150 000 til 200 000 kWh i året.

Per Kristian Kile Solar Anchor
F8fdd2b37f 3500px
Ca48d1ca5c 3500px
2238824d77 3500px
C5425512a4 3500px
54722f80cf 3500px

Solar Norge er sals- og marknadspartnar for SolarAnchor.