Kva leitar du etter?

Osetunet mesterhus

Tussafiber og smarthusteknologi til Osetunet

På Osetunet i Ørsta sentrum er Mesterhus i full gang med nye tomannsbustadar og firemannsbustadar som skal stå klare sommaren 2022.

Dei nye bustadane på Osetunet byggjast for framtida med smarthusteknologi, lynraskt internett via Tussafiber og digital-TV frå Telia.

Smarthusteknologi for framtida

Alle bueiningane blir levert med Smarthus Grunnpakke for styring av lys og varme, med fleksible lysbrytarar, termostatar og lampepunkt frå xComfort. Dette er teknologi som er laga for å vare, og gjer det mogleg å utvide med fleire smarte einingar etter ønskje og behov. Bebuarane kan til dømes tilpasse plasseringa av lysbrytarar slik passar dei best, anten det er på glas, mur eller liggjande på salongbordet.

Dei som ønskjer det kan enkelt oppgradere grunnpakken med ekstra utstyr, som til dømes eigne brytarar for bortemodus ved ytterdøra eller nattmodus på nattbordet. Bebuarane kan velje å kople grunnpakken til xComfort Bridge for å få smart lys- og varmestyring via app. Slik kan ein spare straum og samtidig auke både komforten og tryggleiken.

Ditt eige underhaldningsunivers

Bustadane blir ferdig levert med lynraskt internett via fiber, tilrettelagt for digital-TV frå Telia. Anten du likar sport, film eller seriar får kan ein i Valmenyen tilpasse TV-pakken med dei strøymetenestene og kanalane ein ønskjer.

Nye Telia Box er den råaste TV-boksen på marknaden, og støttar blant anna 4K og Chromecast. Med Telia Play får du tilgang til alt innhaldet uansett kvar du er, anten det er heime i stova, på hytta eller ute på tur.