Kva leitar du etter?

Solcelle høgskulen 2017 4

Solskinshistorie for Høgskulen i Volda

Tussa Installasjon har levert solcelleanlegg til både privatkundar og næringskundar på Sunnmøre. Eit av dei største anlegga er på Høgskulen i Volda.

- Forventningane då vi monterte anlegget i 2017 var at vi skulle klare å dekkje kostnadene med etableringa, og helst få eit overskot.
Frank Lande, driftsleiar i Statsbygg

På Berte Kanutte-bygget er det montert opp 570 panel. Prognosane i forprosjektet var ein produksjon på om lag 100 000 kWh i året. Det har blitt produsert mellom 120 000 og 135 000 kWh.

- Det er vi svært godt fornøgde med. Eg kallar dette ei gladsak for Høgskulen og Statsbygg. Panela har produsert meir enn anslått, og det har vore stabil drift av anlegget, utan feil og manglar, seier Frank Lande, driftsleiar i Statsbygg.

Energieffektivisering viktig

For Statsbygg er energieffektivisering noko dei jobbar med kvar dag, både i eksisterande bygningsmasse og ved nybygg. Også på det nye mediebygget ved Høgskulen i Volda, Sivert Aarflot-bygget, er solceller ein del av leveransen frå Tussa Installasjon.

Solceller på Høgskulen i Volda
Solceller på Høgskulen i Volda
Solceller på Høgskulen i Volda
Solceller på Høgskulen i Volda
Solceller på Høgskulen i Volda
Solceller på Høgskulen i Volda
Solceller på Høgskulen i Volda
Solceller på Høgskulen i Volda
Solceller på Høgskulen i Volda
Solceller på Høgskulen i Volda

Kontakt oss

Ta gjerne kontakt for å høyre meir om kva vi kan gjere for bedrifta di.