
Vedlikehald i Tussa datasenter
For å halde datasystema oppdatert og for å sikre ei god oppetid for brukarane, er det viktig med periodisk vedlikehald. Vi har delt opp vedlikehaldet i tre kategoriar, tungt vedlikehald, vedlikehald og lett vedlikehald.
Planlagt vedlikehald
På følgjande datoar har vi planlagt vedlikehald.
Tungt vedlikehald
Tungt vedlikehald er større oppgraderingar som vil medføre at IT-system eller delar av IT-systema vil vere utilgjengelege i den perioden vedlikehaldet varer. Vi har valt å ta tungt vedlikehald i helgar, og vi vil varsle varsel i god tid, og minst ei veke før.
Vedlikehald
Vedlikehald er programoppdateringar og oppgraderingar av operativsystem (sikkerheitsoppdateringar). Dette pågår heile månaden utanfor arbeidstid (primært på natt mellom 02:00 og 04:00). Ein dag i månaden i 3(4) veka vil vi køyre vedlikehald som krever manuelle tiltak. Vedlikehaldet startar tysdag 17:00 og avsluttast torsdag 06:00. Det er kun onsdag frå 17:00 til torsdag morgon 06:00 det kan verte sporadiske stopp i produksjonen. Brukarane kan då merke delvis nedetid av systema.
Lett vedlikehald
Den 1(2) onsdagen i månaden klokka 17:00, eller etter avtale, installerer vi innmeldte programoppdateringar. Nedetid vil vere avhengig av omfanget og om applikasjonseigarar har meldt inn programoppdateringar. I juli er det redusert bemanning grunna ferieavvikling, og det vert kun utført innmeldte oppgraderingar i løpet av juli, eller etter spesiell avtale.
Programoppdateringar
Det er mogleg å bestille programoppdateringar på kveldstid 3(4) onsdagen i månaden, eller etter spesiell avtale. Bestilling av programoppdateringar skal skje via Servicedesken vår. Nødvendig programvare må vere oss i hende før vedlikehaldet, og bestillinga må vere sendt innan fredag før vedlikehaldskvelden. For oppgraderingar som skal utførast for housing og driftskundar, ber vi om at tekniske kontaktperson hos Tussa IKT AS vert ført på.