Luke 10
Full fart på nettet og skipsindustrien i Ulsteinvik.
I Ulstein er det like mykje fart på nettet som i skipsindustrien. Med fiberbreiband kan internasjonale verksemder i regionen samarbeide digitalt med kundar og leverandørar i resten av verda, heilt utan å forlate kaia. Fiber har mange fordelar samanlikna med trådlause teknologiar som 5G, men kva er det eigentleg som reiser gjennom fiberkabelen? Er det lyd, straum eller lys?
Dagens spørsmål:
Kva reiser gjennom fiberkabelen? Lyd, straum eller lys?
Fiberkabelen overfører data gjennom optiske fibrar. Dette går raskare enn vanlegare koparkablar fordi vi i praksis får utnytta lyset si hastigheit. Difor er fiber ein framtidsretta teknologi som gjer at vi kan få høgare fart og lågare responstid gjennom same kabel, i takt med den teknologiske utviklinga.
Dagens premie: Urban Vitamin Powerbank med MagSafe
Ladebanken festar seg magnetisk til telefonen og ladar trådlaust, raskt og utan styr med kablar. Det kompakte designet gjer at den er enkel å ta med i lomma eller veska, og passar perfekt når du treng ei trygg og effektiv opplading gjennom heile dagen.
Tussa sin adventskalender
I årets adventskalender kan du bli med på ei reise der vi følgjer lyset gjennom bygdene våre: frå krafta som blir skapt i dei 29 kraftverka våre, til elektrikaren som fører lyset inn i heimen, og Tussafiberen som med lysets hastigheit knyter bygda til verda.
Sjå alle lukene