Kva leitar du etter?

Hindrar tilgangen til ulovlege nettstader

Hindrar tilgangen til ulovlege nettstader

Tussa har saman med seks andre internettleverandørar i Noreg blitt pålagt av Oslo tingrett å hindre tilgangen til fleire ulovlege nettstader for fildeling. Bakgrunnen for dette er fleire søksmål frå store, amerikanske produksjonsselskap som sit på opphavsretten til ei rekkje filmar og TV-seriar.

Dersom Tussa sine kundar prøver å gå inn på ein av dei blokkerte nettstadene vil dei kome til ei informasjonsside. Tussa lagrar ikkje informasjon om at kunden har søkt etter sida.

Nettstadene som Tussa hindrar tilgangen til er også blokkert av andre internettilbydarar i Noreg. Dette har skjedd etter dommar i 2015 og 2017.

Tussa oppmodar alle om å nytte seg av lovlege tenester for film og musikk.