Kva leitar du etter?

Solceller til bustad og hytte

Ønskjer du å produsere din eigen straum? Med solceller på taket reduserer du både straumrekninga og klimaavtrykket. Frå Tussa får du eit solcelleanlegg med høg kvalitet og lang levetid.

Med eit solcelleanlegg haustar du energi frå sola som elles ikkje ville blitt utnytta. Straumen du produserer går til å dekkje ditt eige forbruk, og dersom du produserer meir enn du brukar kan du selje straum tilbake til nettselskapet, som blir trekt frå straumrekninga di.

Dersom du skal installere solcelleanlegg er det viktig å velje rett montør og produkt. Eit solcelleanlegg skal ha lang haldbarheit, men det skjer berre gjennom rett val av produkt og kvalitetssikra montering. Tussa er klimapartnar og samarbeider med Solar. Vi har lang erfaring med montasje av solcelleanlegg til alle typar bygg, og kan hjelpe deg heile vegen frå planlegging til montasje.

2175022881 vector

Enova-støtte til solceller

Du får inntil 47 500 kroner i støtte når du byrjar å produsere din eigen elektrisitet. Summen kjem an på storleiken og kapasiteten til anlegget.

Effekten av solceller vil variere etter vêr, hallingsvinkel og årstid, men det er ei myte at solceller ikkje har effekt i Noreg.

Det er rett at vi får mindre sol på Sunnmøre enn i middelhavslanda, men visste du at solceller er mest effektive i kaldt vêr? Solceller produserer maksimalt ved fem minusgrader, medan effekta fell til 65% når temperaturen bikkar 25 grader.

Kontakt oss

Er du nysgjerrig på å produsere eigen straum med solcelleanlegg til hus eller hytte? Ta kontakt dersom du ønskjer ei uforpliktande synfaring eller meir informasjon.