Kva leitar du etter?

Tussa 09 K1

Tussa berekraftsfond

Støtteordning for lokale lag og organisasjonar som ønskjer å verte meir miljøvennlege og berekraftige.

Tussa berekraftsfond skal motivere til gode tiltak og støtte lokale lag og organisasjonar i å gjennomføre prosjekt som fremjar berekraftig utvikling. Dette kan vere prosjekt som har ein tydeleg miljøvinst, men dei kan også adressere sosiale utfordringar eller andre av FN sine berekraftsmål.

Gjennom fondet deler Tussa ut inntil 200 000 kroner i året. Støtta blir gitt som eit eingongsbeløp og ikkje over fleire år. Maksimalt beløp er 50 000 kr.

Søknadsfrist er 1. juni.

Søknadskriterium

  • Søkaren må vere eit frivillig lag/organisasjon som er registrert med organisasjonsnummer i Brønnøysundregisteret
  • Søkaren må vere lokalisert i kommunane Hareid, Herøy, Sande, Stranda, Stryn, Ulstein, Vanylven, Volda og/eller Ørsta
  • Søknaden må innehalde forslag til aktivitetar som gir ein miljøvinst eller adresserer andre av FN sine berekraftsmål
  • Søkar må levere ein plan og budsjett for prosjektet, som også inkluderer forslag til korleis Tussa kan vise igjen i samband med prosjektet
  • Prosjektet skal dokumenterast i form av ein sluttrapport som inneheld ei oppsummering av arbeidet. Rapporten skal sendast til Tussa, som kan bruke delar av rapporten etter nærare avtale
  • Vi prioriterer lag og organisasjonar som driv aktivitet retta mot barn og unge, men andre kan også bli valt ut dersom prosjektet er godt

Vi støttar ikkje:

  • Offentleg verksemd eller aktivitetar som er det offentlege sitt ansvar
  • Enkeltpersonar sine prosjekt
  • Religiøse eller politiske organisasjonar

Søknadsskjema Tussa berekraftsfond

Opplysningar om laget/organisasjonen:

Om prosjektet

Opplysningar om kontaktperson: