Søk om støtte
Som kunde av Tussa bidreg du til samfunnsutvikling og støtte til kultur og idrett i regionen. Vi samarbeidar med idrettslag, skisenter, festivalar, kor, korps og ei rekkje andre frivillige organisasjonar, for at bygdene våre skal vere attraktive stader å bu, arbeide og besøkje.
Kvart år mottek om lag 200 lokale lag og organisasjonar sponsormidlar frå Tussa. Støtta blir fordelt etter prinsippet om å gi litt til mange, i staden for å vere hovudsponsor for nokre få.
Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema nedst på sida.
Desse støttar vi:
- Aktiviteten skal treffe mange
- Aktiviteten skal i hovudsak engasjere barn og ungdom
- Aktiviteten må gå føre seg i kommunane Ørsta, Volda, Herøy, Hareid, Ulstein, Sande, Vanylven, Stranda og/eller Stryn
- Aktiviteten skal vere gjennomført av frivillige lag/organisasjonar med org.nr. eller som er knytt til ein medlemsorganisasjon
Tiltak som er miljøvenlege og legg vekt på berekraft vil bli prioritert
Vi støttar ikkje:
- Oppføring, oppussing eller vedlikehald av bygg eller andre anlegg innvendig eller utvendig, som til dømes kunstgrasbaner, gapahukar, badstover, idrettshallar, leikeplassar eller vegar
- Offentleg verksemd eller aktivitetar som er det offentlege sitt ansvar
- Enkeltutøvarar
- Enkeltpersonar sine prosjekt, til dømes ekspedisjonar, utstillingar, konsertar og utgivingar
- Skuleturar/studiereiser
- Tiltak utanfor kommunane Ørsta, Volda, Herøy, Hareid, Ulstein, Sande, Vanylven, Stranda og Stryn
- Religiøse eller politiske organisasjonar
Miljøskadelege føremål
Søknadsfristen for 2026 er ute. Neste frist er 15. januar 2027.
Tildeling av midlar er i løpet av februar. Søknader som kjem inn etter søknadsfristen blir handsama i neste tildelingsrunde.