Føredrag om nettvett
Tussa er lokal leverandør av breiband, IT- og installasjonstenester, og ønskjer å bidra til ein god oppvekst for barn og unge. Difor oppmodar vi skulane på søre Sunnmøre, Stranda og Stryn om å bruke Barnevakten sine føredrag. Søk Tussa om støtte til å halde føredrag med Barnevakten.
Tussa deler ut til saman 10 stipend i året, fordelt på haust- og vårsemesteret. Verdien på kvart stipend er 6500 kr.
Kven kan søke om støtte til nettvett-føredrag?
Foreldregrupper og skular i dei sju kommunane på søre Sunnmøre, Stryn og Stranda kan søkje om støtte frå Tussa til å arrangere nettvett-føredrag med Barnevakten. Tussa prioriterer dei skulane som ikkje har fått støtte til føredrag tidlegare.
Kor mykje kan du få i støtte?
Kvar søkjar kan få inntil 6500 kroner i støtte frå Tussa. Dette beløpet dekkjer honorar til føredragshaldar og seminardel til Barnevakten.
Søknadsprosessen:
Fyll ut og send inn søknadsskjema innan fristen. Søknaden blir behandla kort tid etter at søknadsfristen er ute. Du blir kontakta kort tid etter at vi har behandla søknaden. Dersom du får støtte til å arrangere nettvett-føredrag med Barnevakten, får du ei stadfesting på dette frå Tussa. Du tek sjølv kontakt med Barnevakten for å avtale føredraget med dei. I kontakta med Barnevakten brukar du stadfestinga du får frå Tussa. Oppgjeret skjer direkte mellom Tussa og Barnevakten. Tussa har rett til å informere nokre minutt om sitt arbeid i framkant av kvart føredrag. Føredraget må gjennomførast i løpet av det året du har fått tildelt midlar for, for å få støtte.
Søknadsfrist for vårsemesteret er 15. februar.
Søknadsfrist for haustsemesteret er 15. september.