Kva leitar du etter?

Støtte til LAN-party

Søk om teknisk støtte og internett med høg hastigheit til lokale datatreff.

Desse støttar vi

Vi støttar frivillige lag og organisasjonar som arrangerer LAN-party for ungdom i kommunane Volda, Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven eller Stryn. Vi støttar ikkje private datatreff.

Søknadsskjemaet under gjeld for Tussa si teknikkpakke. Dersom du ønskjer å søke om økonomisk støtte, må du fylle ut søknadsskjema om sponsormidlar.

Tussa si teknikkpakke inneheld

  • Internett med høg hastigheit
  • Brannmur
  • Switchar og patchesnorer
  • Tussaligaen sine gaming-PCar og tilhøyrande utstyr

Slik får du støtte

  1. Send inn søknaden minst ein månad før datoen for arrangementet. Du vil få svar på e-post om du får støtte eller ikkje. Søknader som blir sendt inn mindre enn ein månad før arrangementet kan få avslag grunna at Tussa får for kort tid til å organisere teknisk støtte.
  2. Dersom du får støtte kallar vi deg og crewet inn til eit møte for å avklare kva tekniske behov de har. Dette gjeld spesielt for nye arrangørar av LAN-party. Slik sikrar vi at det tekniske fungerer så godt som råd.
  3. Du vil få spørsmål om å setje opp reklamemateriell for Tussa under arrangementet, og marknadsføre Tussa som sponsor av LAN-partyet.
  4. Etter LAN-partyet ønskjer vi at du sender oss ein kort rapport der du gjer greie for:
    1. Om teknikkpakka fungerte som avtalt
    2. Kor mange deltakarar det var på LAN-partyet
    3. Foto som viser korleis Tussa var synleg som sponsor under datatreffet (merk at foto kan bli brukt på Tussa sin nettstad, i nyheitsbrev og sosiale media-kanalar).

Søknadskjema

Fyll ut skjemaet under og vi svarar deg så snart vi kan.
Kryss av for kva teknisk støtte de ønskjer: *

Opplysningar om LAN-partyet

Adressa til lokalet:

Opplysningar om kontaktperson