Ny rørgate til Fausa kraftverk
Ny rørgate til Fausa kraftverk
I 2026 og 2027 byggjer Tussa ny rørgate til Fausa kraftverk. Den gamle rørgata i tre blir no erstatta av ei ny, nedgraven rørgate.
Arbeidet med rørgata til Fausa kraftverk starta våren 2026. Den gamle rørgata i tre skal no bytast ut med nedgrave GRP-røyr. Dette er glasfiberarmerte røyr som er særs slitesterke og har høg motstand mot korrosjon.
Den nye rørgata skal koplast på eksisterande rørgate i stål, som leier vatnet dei siste 1 275 metrane inn til kraftstasjonen.
Ahlsell er leverandør av dei nye røra til Fausa. Røra blir produserte av Amiblu i Dresden i Tyskland. Rørlegginga blir utført av Opshaug AS og Stranda Anleggsservice AS.
Fausa kraftverk vil vere delvis i drift i anleggsperioden.
Framdrift
- Ny rørgate blir ferdig i desember 2026
- Riving av gamal rørgate i 2027
Turvegen
Turvegen er vanlegvis open, men kan bli mellombels stengd i periodar der arbeidet går føre seg nær vegen. Eventuell stenging vil vere tydeleg skilta.
For din eigen tryggleik ber vi om at du:
- Respekterer skilting og eventuell stenging av vegen
- Følgjer beskjedar frå anleggspersonell
- Ikkje går inn på avsperra område
- Held avstand til maskiner og grøfter
All kraft frå Tussa er fornybar
Tussa har 29 heileigde og 1 deleigd vasskraftverk, og 1 biobrenselanlegg. Vasskraftverka har ein samla gjennomsnittleg produksjonskapasitet på 821 GWh i året. Det tilsvarar straumforbruket til rundt 41 000 bustadar i eitt år.
Kraftproduksjonen er ein viktig del av energiforsyninga i regionen, og Fausa kraftverk er eitt av anlegga som bidreg til dette.
Fausa kraftverk og Fausa minikraftverk
Dei to Fausa-kraftverka ligg ved Storfjorden om lag 8 km nord for Stranda sentrum. Det var Fausa minikraftverk som kom først, sett i drift i 1929. Valet av utbyggingsstad, ved Storfjorden om lag 8 km nord for Stranda sentrum, gjorde at det var høve til å utvide kraftverket etterkvart som trongen til meir kraft skulle melde seg. I 1952 var Fausa kraftverk sett i drift.
Dei to Fausa-kraftverka produserer i dag 45 GWh. Det er nok til å forsyne 2 250 bustader med straum i eitt år. Det er ikkje køyrbar veg til kraftstasjonane, og naturleg tilkomst er difor sjøvegen.
Fausa kraftverk
Fausa kraftstasjon ligg ved Storfjorden om lag 8 km nord for Stranda sentrum. Kraftverket utnyttar fallet frå Nysætervatnet og ned til sjøen. Det er ikkje køyrbar veg til kraftstasjonen, og naturleg tilkomst er difor sjøvegen. I dag har Fausa kraftstasjon en årsproduksjon på 42 GWh, noko som tilsvarar årsforbruket til 2100 husstandar.
Hovudbygningen som no er Fausa kraftverk var ferdig i 1952, og det vart då sett i drift eit aggregat på 3 500 kW. I 1976 vart stasjonen fullt utbygd, med eit nytt aggragat på 5 000 kW. Den totale effekten i kraftstasjonen er noko mindre enn den innstallerte generatoreffekten, så maks produksjon er 7 000 kW.
I 1982 vart kraftstasjonen fjernstyrt, og etter den tid har det ikkje budd maskinistar fast på kraftverket. I 2004 vart maskinane frå 1939 skifta ut med ein ny på 720 kW. Frå 2005 vart det gjennomført eit omfattande moderniserings- og vedlikehaldsarbeid på Fausa. Det er nytt apparatanlegg, magnetiseringsutstyr og gjort bygnigsmessige utbetringar.
Tekniske data
- Fallhøgd: 330 meter
- Nedslagsfelt: 40 km²
- Normalproduksjon: 42 GWh
- Installert effekt: 5 MW + 2 MW
Dam Nysætervatnet:
- Høgste regulerte vasstand: 333,8 meter
- Reguleringshøgd: 11 meter
- Nedslagsfelt: 40 km2
Vassveg:
- Tunnel: 1 060 meter
- Impregnert trerørgate: 1 500 meter. Blir i 2026 erstatta med nedgrave rørgate med GRP-rør
- Stålrør: 1 275 meter
Aggregat 1:
- Generator: Nebb 5 MVA. Byggjeår 1975
- Turbin: 2 stråla pelton. Byggjeår 1952
Aggregat 2:
- Generator, Siemens 3,5 MVA. Byggjeår 1952
- Turbin: 1 stråla pelton. Byggjeår 1976
Fausa minikraftverk
Fausa minikraftverk var opphavet til Fausa kraftverk, og vart først sett i drift 29. november 1929. Valet av utbyggingsstad gjorde at det var høve til å utvide kraftverket etter kvart som trongen til meir kraft skulle melde seg. Fausa-aggregatet var då på 375 kW. Alt i 1935 vart generatoren skifta ut med en på 600 kW. I 1939 vart det bygt ny kraftstasjonsbygning, og det vart sett i drift ein ny generator på om lag 650 kW. Kraftverket vart modernisert i 2005.
Fausa minikraftverk har inntak på Brune (240 m.o.h ), og nyttar tilsiget nedanfor Nysætervatnet.
Tekniske data
- Generator: Hitzinger 850 KVA. Byggjeår 2004
- Turbin: 2 stråle pelton. Byggjeår 2004
- Fallhøgd: 240 meter
- Normalproduksjon: 3,0 GWh
- Installert effekt: 750 kW