Kva leitar du etter?

20220902 142631

Gamle Ulsteindalen kraftstasjon

Gamle Ulsteindalen kraftstasjon er eit særeige møte- og selskapslokale, som høver godt til konfirmasjonar, dåp, firmafestar eller andre samlingar.

Ulsteindalen kraftstasjon er open for utleige. Kraftstasjonen vart totalrenovert på byrjinga av 2000-talet, og inneheld storkjøken med komfyr, kjøleskap og oppvaskmaskin. Her er bord, stolar og bordstell til 40 personar. Det er bilveg heilt fram til lokalet, og stor parkeringsplass. Lokalet har prosjektor, men det er ikkje telefon- eller internettdekning i Ulsteindalen.

40
IMG 4808
20220902 142600
Ulsteindalen Kraftverk 099
20220905 1838132

Historie

25. august 1915 vart det halde eit folkemøte i Ulstein. Dette møtet var tromma saman av ordføraren, Hans B. Osnes, ein ukueleg optimist og ein handlekraftig mann. På møtet orienterte han om planane i Ulsteinelva, og meinte at no hadde det vore nok snakk om denne saka.

Det er ikkje berre for lyset si skuld at vi treng elektrisk kraft. Om nokre år vil og industrien ha bruk for kraft. Skal vi kunne hevde oss med andre bygder, må vi gå til utbygging snarast, koste kva det koste vil.
Hans B. Osnes, ukueleg optimist og ordførar i Ulstein

Etter eit livleg ordskifte vart det skipa ei nemnd til å berekne prosjektet. Allereie 3. november var planane ferdige, og forhandlingane med grunneigarane starta. 10 000 kroner fekk dei for rettane, og prosjektet vart kostnadsrekna til 140 000 kroner.

Optimismen var stor då arbeidet tok til om våren 1916

25 mann var i sving med vegarbeid, brakkebrygging, rørgata og seinare kraftstasjon. Det var sunnmøringar, nordfjordingar og svenske rallarar side om side.

Arbeidet gjekk effektivt unda, men likevel vart prosjektet etter kvart omstridt. I etterkrigstida var det dramatisk prisauke, og priskalkylen vart grundig sprengt. Det vart først søkt om å få låne 400 000 kroner i Ulstein Sparebank, men heller ikkje det var nok. Lånet måtte aukast til 600 000. I eit nytt folkemøte i november 1917 måtte ordførar Osnes innrømme at kraftverket, som var eit av dei største kommunale verk på landsbygda, vart dyrt. Så dyrt at hadde han visst kor dyrt det vart frå først av, hadde han ikkje våga å røyste for bygging.

Tull215 rask retusj red size

14. desember 1917 var den store dagen komen!

Krafta vart sett på for halve soknet, frå ytste Ulstein til Hovset. Flø og Dimna fekk kraft hausten 1919, men i dei andre krinsane måtte dei enno vente lenge før dei fekk elektrisk kraft.

"Det lid på kvelden den 14. desember 1917. Ein smågut kjem i tanande sprang utover vegen i Vik og ropar: "Det brenn, det brenn!" Folk snur seg etter han - "kvar brenn det?". Og det synte seg at noko særs var i gjære, for folk var oppskaka - det var liksom ein farang som byrja lengst ute og for innover: Folk ville ikkje tru sine eigne augo, jau det "brann" verkeleg. Den eine "pæra" tok til å kaste eit bjart lys frå seg. Eit hus kunne bli opplyst frå kjellar til loft, og folk for opp og ned trappene, det måtte ikkje mangle ei einaste "pære" - full stim laut dei ha.".

Sitat frå avisa Aarvak som skildra opningsdagen 14. desember 1917.

Tussa6 1200x1000 Low
Tussa17 1000x1500 low
SA Sf 001 4067
Foto: Sande sogelag
SA Sf 001 4358
Foto: Sande sogelag

Modernisert i 2001

Ulsteindalen kraftverk har ein normalproduksjon på 5,7 GWh i året, og utnyttar Ulsteinelva og nedslagsfelta kring Lisjevatnet, Mosvatnet og Tjeldstjenna. I 2001 vart kraftverket modernisert, og ein ny kraftstasjon vart bygt ved sidan av den gamle. Den gamle kraftstasjonen vart då totalrenovert og gjort om til møte- og selskapslokale.

  • Sett i drift i 1917
  • Modernisert i 2001
  • Nedslagsfelt: 7,4 km2
  • Fallhøgd: 196 meter
  • Normalproduksjon: 5,7 GWh
  • Installert effekt: 1,2 MW

Kontakt

Vil du leige kraftstasjonen eller har andre spørsmål?