Kva leitar du etter?

Tussa med årsresultat på 114,2 mill. kr

Historisk låge kraftprisar og betydeleg lågare inntekter frå vasskraftproduksjonen prega årsresultatet for 2020. Gode resultat frå IKT- og installasjonsverksemda, i tillegg til gevinst ved sal av aksjane i straumsalsverksemda, bidrog til at det økonomiske resultatet for 2020 vart godt.

- Når inntektene frå vasskraftproduksjonen sviktar på grunn av låge prisar, er det gledeleg at det blir levert gode resultat både frå IKT- og installasjonsverksemda.

Låge kraftprisar og høg produksjon

For kraftproduksjonen er resultatet om lag 109 mill. kr lågare enn i 2019, trass i at kraftproduksjonen aldri har vore høgare i Tussa si historie. Det vart produsert 816 GWh i 2020, mot 638 GWh i 2019. Driftsresultatet for produksjonsverksemda var 2,0 mill. kr i 2020, mot 110,9 mill. kr i 2019, og resultat før skatt vart -19,9 mill. kr. I 2020 var gjennomsnittleg spotpris i området vårt 10,0 øre/kWh mot 38,0 kWh i 2019.

Auka omsetning for installasjon og IKT

For installasjonsverksemda var året prega av høg aktivitet, og driftsresultatet vart forbetra med 6,7 mill. kr frå 2019 til 2020. Driftsresultatet vart på 8,9 mill. kr i 2020, og resultat før skatt på 8,9 mill. kr. Framleis høg aktivitet gjer at utsiktene for 2021 også er gode.

Forretningsområdet IKT hadde eit driftsresultat på 35,1 mill. kr i 2020, ei auke frå 26,2 mill. kr i 2019. Resultat før skatt vart på 27,8 mill. kr. Omsetningsveksten gjeld både for kommunikasjonsprodukt og IT-tenester, og det er potensiale for ytterlegare vekst framover.

Sal av kraftomsetningsverksemda

Med verknad frå 1. september vart kraftomsetningsverksemda Tussa-24 slege saman med tilsvarande verksemder eigd av Tafjord Kraft og Sogn og Fjordane Energi. Dette gav ein vesentleg rekneskapsmessig gevinst på 44,6 mill. kr.

Utbyte

Utbytet som blir delt ut til eigarane skal vere forsvarleg i høve til det som er berekraftig for selskapet i eit langsiktig perspektiv. Styret har vedteke å avsetje 44,5 mill. kr til utbyte for 2020.

Nøkkeltal for Tussakonsernet

2020

2019

Driftsinntekter

854,4 mill. kr

1 134,2 mill. kr

EBITDA

306,0 mill. kr

335,0 mill. kr

Driftsresultat

165,9 mill. kr

205,3 mill. kr

Resultat før skatt

138,1 mill. kr

174,0 mill. kr

Resultat etter skatt

114,2 mill. kr

96,8 mill. kr

Ordinært utbyte pr. aksje

14 691 kr

0 kr *

Eigenkapital

993,7 mill. kr

965,8 mill. kr

Eigenkapitalprosent

32,3 %

33,0 %

Totalkapitalrentabilitet

8,3 %

9,0 %

* Det vart betalt ut tilleggsutbyte i 2020 basert på årsrekneskapen for 2019 på 13 840 kr pr. aksje