Retningslinjer for personvern

 
Du er i trygge hender
For Tussa er personvern ei prioritert oppgåve. Vi vil her gjere deg kjent med kva opplysningar vi lagrar om deg, kvifor vi lagrar dei og korleis vi tek vare på og sikrar opplysningane. Du vil også få vite korleis du kan få innsyn i personopplysningane dine og korleis du kan kontakte oss for å få retta eller sletta opplysningar vi har lagra om deg.
 
Tussa handsamar personopplysningar i samsvar med dei lover og reglar som til ei kvar tid gjeld, mellom anna Lov om behandling av personopplysninger og EU si personvernforordning (GDPR).
 
Tussa er eit konsern som driv forretningsverksemd med utgangspunkt i produksjon, overføring og omsetning av energi og kommunikasjonsprodukt. Les meir på www.tussa.no/om-oss.
 
Desse retningslinjene for personvern gjeld for alle selskapa i Tussakonsernet (Tussa Kraft AS, Tussa Energi AS, Tussa IKT AS, Tussa Installasjon AS og Tussa-24 AS). Tussa IKT AS er databehandlingsansvarleg for IT- og kommunikasjonskundane. Tussa Installasjon AS er databehandlingsansvarleg for installasjonskundane. Tussa-24 AS er databehandlingsansvarleg for straumkundane.
 
Desse retningslinjene for personvern gjeld nettstaden vår (www.tussa.no), facebook-sidene våre (www.facebook.com/tussa), kundesidene våre (Di side/kundeweb.tussa.no), appen vår (Tussa KundeApp), kundesystem og andre system vi brukar for handsaming av personopplysningar.
 
I samband med vanleg bruk av nettsidene våre lagrar vi uidentifiserbare data ved bruk av informasjonskapslar (cookies). Les meir om bruken av informasjonskapslar.
 
Vi lagrar kundedata (namn, fødselsdato, leveringsadresse, fakturaadresse og kontaktinformasjon) som vi treng for å kunne levere og fakturere produkt og tenester til deg. Dette er opplysningar du sjølv som kunde gir til oss gjennom bestilling, samt opplysningar vi får frå offentlege register og underleverandørar som vi nyttar for å korrigere eller supplere kundeopplysningane. Vi lagrar også informasjon om straumforbruk og varer/tenester du kjøper og kreditt- og betalingsinformasjon knytt til desse. Dette er informasjon vi får frå netteigarar og underleverandørar av kredittopplysningar, samt bankar. Vi tek også vare på korrespondanse gitt i kommunikasjon med Kundesenteret eller andre personar hos oss. Opplysningar du gir oss i samband med trekningar/konkurransar du deltek i eller i samband med kundearrangement/messer og liknande vert også lagra, og det same gjeld informasjon om opning og klikk på lenkjer i elektronisk kommunikasjon.
 
Opplysningane vert primært brukt for å levere og fakturere varer/tenester som avtalt og for å levere eit så godt tilbod og så god kundeservice til deg som mogleg. Opplysningane vert også nytta i samband med direktemarknadsføring av produkta og tenestene våre og når vi sender ut nyheitsbrev per e-post. Vi prøver å gi tilbod og informasjon som i størst mogleg grad er relevant for deg. Derfor vil vi kunne samanstille personopplysningane dine med opplysningar om til dømes produkt og tenester du har kjøpt, bruk av produkt og tenester, interesser, arrangement du har delteke på, samt informasjon frå offentlege register og underleverandørar. Frå tid til anna vil vi gjere kundeundersøkingar eller omdømeanalyser. Vi vil berre sende deg informasjon i høve til kva du har gitt oss samtykke til. Du kan til ei kvar tid endre samtykka dine på Tussa Kundeweb (Di side) eller i Tussa KundeApp, og vi tilbyr alltid moglegheit for avmelding av nyheitsbrev og liknande utsendingar.
 
Vi vil aldri selge, bytte eller gi bort personopplysningane dine. Vi vil heller ikkje utlevere opplysningar til partar utanfor Tussa-konsernet, med unntak av underleverandørar som vi har inngått databehandlaravtale med.
 
Der vi brukar underleverandørar vil dei ha tilgang til data som er nødvendig for å levere systema, varene og tenestene som er avtalt med dei. Alle avtalar vi har med slike underleverandørar stiller strenge krav til konfidensialitet, datatryggleik og at dei rettar seg etter gjeldande personvernlover.
 
 
Sjå også Om informasjonskapslar på nettstaden for informasjon om korleis vi brukar ikkje-identifiserbar informasjon i form av informasjonskapslar.
 
Personopplysningane vert sikra igjennom systematisk arbeid med informasjonssikkerheit. Det omfattar administrative tiltak som risikostyring, opplæring, instruksar og rutinar, og mange nivå av tekniske tiltak som t.d. brannmurløysingar, kryptering, tilgangskontroll og tiltak mot vondsinna programvare. Vi brukar https-kryptering på nettsidene og kundesidene våre. Informasjon du sjølv deler opent på facebook-sidene våre (www.facebook.com/tussa) vil likevel vere tilgjengeleg for alle som les sidene våre.
 
Opplysningane vert lagra så lenge Tussa har eit sakleg behov for det, og i alle høve ikkje lenger enn det som er tillate i norsk lov.
 
Du har rett på innsyn i dei personopplysningane vi har registrert på deg. Du har også rett til å be om at urette eller ufullstendige opplysningar blir retta, sletta eller supplert. Tussa vil svare på alle slike krav innan 30 dagar.
 
Merk at opplysningar som vi treng for å levere og fakturere tenestene våre og opplysningar vi er pliktige til å ta vare på i samband med anna lovverk (t.d. rekneskapslova) ikkje er mogleg å få sletta.
 
Dersom du har spørsmål om desse retningslinjene eller ønskjer å krevje innsyn, endring eller sletting av personopplysningar, så ta kontakt med oss.

E-post: firmapost@tussa.no
Sentralbord: 70 04 62 00
Opningstider: Måndag-fredag kl. 07.30-15.30
Postadresse: Langemyra 6, 6160 Hovdebygda

Dersom du meiner at Tussa har brote regelverket for personvern ber vi om at du kontaktar oss slik at vi kan rette opp feilen. Du kan også rette ei klage til Datatilsynet.

Desse retningslinjene er sist oppdatert 07.06.2018.