Teknologi, innsikt og folk møttest på Teknomagi 2026
28. mai samla vi bedriftskundar, samarbeidspartnarar og fagfolk på Teknomagi 2026 på Odeon Kino i Ålesund.
Med engasjerte deltakarar og sterke faglege innlegg rundt kunstig intelligens, tryggleik og geopolitikk vart dette ein dag som både inspirerte, utfordra og gav nye perspektiv på vegen vidare.
Magien levde verkeleg – ikkje minst takka vere konferansier og forfattar Bjørn Vatne som leia det heile, og presenterte og oppsummerte kvart innlegg med kunstnerisk intelligens, skapt heilt utan bruk av KI.
Innsikt som traff
Eit av høgdepunkta denne dagen var innlegget til Gjermund Eide. Med bakgrunn frå internasjonal sikkerheitspolitikk gav han eit særs engasjerande og tankevekkjande perspektiv på korleis globale hendingar påverkar norske verksemder – raskare og meir direkte enn mange kanskje er klar over. Det handla ikkje berre om det som skjer der ute – men kva det betyr for vala vi tek her heime.
Samspel mellom teknologi, risiko og økonomi
Ida Marie Edholm frå Nordea synte dei nyaste trendane innan digital svindel, korleis kriminelle tek i bruk KI og kva bedriftene bør vere ekstra merksame på akkurat no.
Joachim Bernhardsen, sjefstrateg i Nordea viste utviklinga innan KI og finansmarknaden. Med enorme investeringar i KI-infrastruktur ser vi nye vinnarar vekse fram – men òg nye taparar. Ifølgje Joachim og trenden vi følgjer er det fortsatt langt igjen til den gongen IT-bobla sprakk på slutten av 1999, men følger vi trenden er vi kanskje på god fart inn i ei ny IT-boble – viss det er ei boble.
Microsoft med store investeringar i Norge
Arne Hartmann frå Microsoft viste oss korleis dei jobba i forhold til den politiske uroa. Med tydelege planar og mål om å styrke det europeiske samhaldet. Vi fekk blant anna eit innblikk i samarbeidet mellom Microsoft, Nscale og Aker om eit berekraftig KI-prosjekt der Narvik vert det nye knutepunktet i Europa for kunstig intelligens.
Cybersikkerheit
Robert Ståhlbrand frå NTT Security sette søkjelys på det moderne trusselbiletet og viktigheita av proaktiv og robust sikkerheitsarbeid. Han viste korleis digitale truslar, informasjonsflyt og teknologi vert brukte som strategiske verkemiddel i dagens konfliktbilete, og kor viktig det er å ha kontroll på egne data, gjerne med overvaking av bedrifta sine data 24/7.
Frå teori til praksis
Det faglege programmet vart styrkt av fleire sterke kundecase frå mellom anna twoday, CCOM og Parkly. Her fekk vi konkrete døme på korleis teknologi blir tatt i bruk i praksis for å skape verdi, effektivisere prosessar og utvikle nye tenester.
Vil du forstå KI, må du ta den i bruk
Eirik Solheim følgde opp med eit av dei mest engasjerande innlegga denne dagen. Med både tempo, humor og konkrete døme gjorde han kunstig intelligens forståeleg – og ikkje minst tilgjengeleg. Bodskapen var like enkel som viktig: Vil du forstå KI, må du bruke den. Start i det små, test i kvardagen, og bygg erfaring undervegs.
Meir enn berre fag
Men Teknomagi handlar om meir enn det som skjer på scena. Like viktig er møteplassane som oppstår mellom slaga. Gjennom dagen var det god flyt i samtalar, nye relasjonar og deling av erfaringar på tvers av bransjar.
Dagen vart runda av med eit uformelt og sosialt afterparty i Tussa IKT sine lokale som ligg like ved. Med nydeleg grillmat, konsert med unge Fredrik Skaar Vinjevoll og godt drøs vart konferansen også i år heilt magisk!