

Takka av etter 10 år som styreleiar
I Tussa si generalforsamling 28. april takka Gunnar Gjørtz, styreleiar dei 10 siste åra, for seg som representant i Tussa-styret. Kven som tek over stafettpinnen som leiar av styret er ikkje klart enda. Dette er dei nye styrerepresentantane.
Det var Gunnar Gjørtz, Anne Stine Foldal Aam, Sindre Rotevatn og Ann-Kathrin Storøy som sto på val. Av desse vart Anne Stine Foldal Aam og Sindre Rotevatn valde på nytt. Gunnar Gjørtz og Ann-Kathrin Storøy takkar for seg i styret, etter høvesvis 10 og 2 år.
Det nye styret i Tussa Kraft
- Aina Iren Slettedal Eide med personleg vara Egil Brækken
- Per Kristian Furø med personleg vara Linn-Therese Hansen Sævik
- Sindre Rotevatn med personleg vara Ragnhild Aarflot Kalland
- Anne Stine Foldal Aam med personleg vara Knut Olav Standal
- Jorunn Skrede med personleg vara Rune Egil Myklebust
- Oskar Grimstad med personleg vara Elisabeth Lauvstad Haugen
- Kjell Arne Aurstad med personleg vara Mariann Øye
- Olav-Arne Vinjevoll (tilsettrepresentant)
- Sindre Svellingen (tilsettrepresentant)
- Torgeir Bratteberg (tilsettrepresentant)
- Daniel Fjørtoft (tilsettrepresentant)
Utbyte på 53,3 mill. kr
Generalforsamlinga godkjente under møtet den framlagde årsmeldinga frå styret og rekneskapen for 2022. Dei godkjente også disponeringa av overskotet, og eit utbyte på 53,3 mill. kr.
Rekneskapstal | 2022 |
Driftsinntekter | 1 192,6 mill. kr |
Driftsresultat | 355,8 mill. kr |
Resultat før skatt | 305,6 mill. kr |
Resultat etter skatt | 131,8 mill. kr |
Utbyte | 53,3 mill. kr |
Finansiell informasjon
Alle selskapa i Tussakonsernet skapte betre resultat i 2022 enn året før, og konsernet sitt driftsresultat er det beste som nokon gong er levert.