Kva leitar du etter?

Key arts Snekker Andersen Og Julenissen 1

Strøym jula inn!

08.12.2023

Lista over juleklassikarar på skjermen er lang, men heldigvis treng vi ikkje haugevis av strøymetenester for å få sett dei. Med digital-tv frå Tussa og Telia er julestemninga berre eit klikk unna!

Julefilmtips frå Tussa

Jula er ikkje det same utan å sjå Hugh Grant danse seg gjennom statsministerbustaden i Love Actually. Eller Trond Espen Seim som Snekker Andersen ramle inn til nissemor og ungane innunder grantreet. Og enten du treng underhalding heime i stova, på hytta eller på togturen heim til jul – kan du sjå favorittane dine med Telia Play-appen. Sjå dei både på TV, mobilen og nettbrettet, uansett kvar du er.

Med digital-tv frå Tussa og Telia har du dei fleste strøymetenester og kanalar i eitt. Og du treng ikkje la deg stoppe om TV-poenga ikkje strekk til. Det er enkelt å velje inn, og ut, og tilbake igjen. Når du vil og så ofte du vil. Her kan du lese meir om korleis du vel inn og ut kanalar og strøymetenester.

Frå Tussa, til deg

Her er våre anbefalingar for å sikre julestemninga i desember.

The holiday

The Holiday

Om du er glad i både jul, komedie og romantikk, er dette filmen for deg!

Ein engelsk journalist og ein redaktør for filmtrailerar i Hollywood – begge med uflaks i kjærleik – bestemmer seg for å bytte hus i ferien i håp om å pleie dei knuste hjarta sine.

Last christmas

Last Christmas

Last Christmas er ein romantisk komedie frå 2019, som kombinerer julestemning med humor og alvor. Handlinga følgjer Kate, ei ung kvinne, som arbeider i ein julebutikk, og som slit med å finne retning i livet. Etter kvart møter ho Tom, ein mystisk mann som verkar og vere for god til å være sann.

Die hard

Die Hard

Det er jul i Los Angeles, og i ein skyskrapar feirar eit storkonsern sin årlege julefest. Men festen blir avbroten av terroristar som vil presse til seg ein enorm sum pengar. Dei er førebudde på alt, men mot politimannen John McClane, der kona hans er eitt av gissela, har dei ingen forsvar. Det utspelar seg ein av filmhistorienes villaste katt-og-mus-leik på toppen av skyskraparen.

Filmen kombinerer intens action, spenning og juleelement, og har blitt ein kultklassikar som mange assosierer med juletid.

Love actually

Love Actually

Ein kjærleikskomedie med 10 ulike historier som flettar seg saman. Vi får mellom anna møte statsministeren som forelskar seg i ein medarbeidar, forfattaren som reiser til Frankrike med eit knust hjarte, ekteparet som byrjar å gli ifrå kvarandre, og den nybakte brura som ikkje veit at ho er forelska. Alle blir påverka av kjærleiken, både mogleg og umogleg, flyktig og lidenskapeleg, augeblikkskjærleik eller kjærleik som har modna fram.

For dei minste

Key arts Snekker Andersen Og Julenissen 1

Snekker Andersen og julenissen

Snekker Andersen elskar jula, og han gjer alt for at familien skal oppleve ei skikkeleg jul kvart år - og det viktigaste med jula er jo som kjend besøket av sjølvaste Julenissen! Men denne jula går ikkje heilt som planlagt: Snekker Andersen, iført fullt nissekostyme, sklir på holka, og etter ein heidundrande kjelketur krasjar han med den ekte Julenissen. Dei to bestemmer seg for å gjere eit bytte..

Dragevokteren 2

Dragevokterens jul

Dragevokterens jul er ein hjartevarm, morosam og ikkje minst spanande film om å våge å bli sett for den ein er. Om venskap, offervilje og trua på det utrulege. Ein julefilm du aldri har sett maken til.

Polarekspressen2

Polarekspressen

Når ein tvilande ung gut tar ein utruleg togtur til Nordpolen, oppnår han større innsikt om seg sjølv, og ferda viser han at livets under aldri falmar for dei som trur.