Kva leitar du etter?

Tussa bilde til sak u logo

Innetid er strøymetid!

07.11.2023

Hausten er her, og gradvis blir det kaldare ute. Kva er vel betre enn å krype opp i sofaen og kose seg med ein god film eller ein spennande TV-serie? Med digital-TV frå Tussa og Telia har du tilgang til eit rikt utval av underhaldning rett ved handa. Sjekk våre beste serietips og filmtips!

Våre beste film- og serietips

Når kveldane blir mørkare og kulda begynner å sige inn, er det fint å ha høve til å oppdage ei spennande verd av underhaldning rett frå di eiga stove. Har du Telia Play gjennom Tussa, har du tilgang til over 100 strøymetenester og kanalar i eitt og same abonnement.

Enten du føretrekk spenning, romantikk eller action, byr Tussa gjennom Telia Play på noko for ein kvar smak. Her er nokre av våre beste råd for ei hyggjeleg innetid:

Pokerface1

Poker Face

Om du likar krim, drama, komedie og spenning, er dette definitivt serien for deg.


Serien, som Filmweb kåra til "årets beste krimserie", byr på leiken krimmoro med 70-tallspreg over 10 episodar.


I Poker Face blir vi kjent med Charlie Cale, som med hjelp av ein ekstraordinær evne til å avdekke når nokon lyg, etterforskar forbrytingar ho møter på vegen.

Kan sjåast på Showtime gjennom Telia Play her:

Outlander

Outlander

For dei som føretrekk historisk eventyr og romantikk, er Outlander ein tidlaus favoritt. Serien fylgjer Claire Randall, som reiser tilbake i tid til Skottland i 1743, ei tid då landet var prega av krig og stridige høglands-klanar.


Publikumsfavoritten Outlander har ei rangering på 8.4/10 stjerner på serie- og filmdatabasen IMDb, og du kan nyte alle sesongane frå HBO max gjennom Telia Play her:

Doom patrol

Doom Patrol

Dersom du er ute etter eit annleis superheltunivers, bør du sjekke ut Doom Patrol. Dette er ein serie som fylgjer ein underleg gjeng med superkrefter som kjempar for ei verd som ikkje vil ha noko med dei å gjere.


Serien kombinerer sjangrane eventyr, komedie, drama og action, og du kan nyte alle 4 sesongane frå HBO Max gjennom Telia Play her:

Fell dek

Full dekning

Full Dekning er ein norsk komedie om vennskap, ekteskap og utruskap.


Ein vennegjeng er samla til den årlege jaktmiddagen, når verten føreslår ein selskapsleik som skal sette både parforhold og gamle vennskap på prøve. Alle må legge mobilen på bordet og gi kvarandre full tilgang til oppringingar og meldingar resten av kvelden. Kven har ingenting å skjule, og kven må spele med for å unngå mistanke? Det går ikkje lenge før første melding tikkar inn, og så er leiken i gong...