
Vel møtt til frukostmøte på Skaparhuset
Vi inviterer til gratis frukostmøte på Skaparhuset i Ulsteinvik 27. april klokka 08.00. På agendaen denne gongen står IT-sikkerheit og det nye bærekraftsdirektivet CSRD.
Tussa IKT informerer deg om det digitale trusselbiletet, og du får vite meir om risikoen for cyberangrep og korleis bedrifta di kan sikre eigne data med enkle tiltak.
Vi presenterer sikkerheitstenestene våre, og korleis medarbeidarane dine sine datamaskiner, mobiltelefonar og nettbrett kan vere sikra både på kontoret, heime og på reise.
Vi får òg besøk av Sara Skeide Saunes frå PwC, som gir oss ei kort innføring i det nye berekraftsdirektivet CSRD som er vedteke i EU, og kva det betyr for verksemda di.
Til sist vil Anna Klara Måseide oppdatere deg på siste nytt frå Ulstein Næringsforum.
Vi ser fram til å sjå deg!