Kva leitar du etter?

Tussa Fiber bilde til netstedet 900 x 549 4
Internett

Fiber eller 5G?

25.10.2023

Femte generasjons mobilnett er no tilgjengeleg i store delar av Noreg. Det gir raskare mobilt internett med høgare kapasitet enn tidlegare. Men er 5G eigentleg eit alternativ til fiber, og kva teknologi er mest framtidsretta?

Kva er eigentleg forskjellen på fiber og 5G?

Hovudforskjellen mellom fiber og 5G er korleis du får internettsignal inn i huset ditt: via kabel eller som trådlause signal.

Med Tussafiber sender vi informasjon gjennom kablar i lyset si hastigheit, gjennom eit fysisk fibernettverk i bakken. Difor er linjene våre stabile og alltid tilgjengelege, og dei har i teorien uavgrensa kapasitet.

For å få fiberbreiband må du bu i eit område der fiber er bygd ut. Heldigvis kan meir enn ni av ti husstandar på Sunnmøre kople seg til fibernettet vårt. Det er framleis nokre få husstandar som av ulike årsaker ikkje kan få fiber, og for desse kan 5G vere eit alternativ.

5G sender informasjon som trådlause signal frå ei veggmontert antenne til ein basestasjon i nærleiken. Slik kan du få tilgang til internett på stader der det ikkje er mogleg å byggje ut fiber. Men visste du at 5G også er avhengig av fiber? 5G-mastene omformar dei trådlause signala og sender dei vidare gjennom dei same fiberkablane som leier inn til huset ditt.

Fiber eller 5G:
Tussafiber vert levert med høg hastigheit heilt heim, gjennom eigen fiberkabel til kvar husstand.


Dette bør du tenkje på før du vel breiband

Dei teknologiske vanane våre har endra seg kraftig dei siste åra, og internett har blitt ei sjølvfølge. Breibandskrevjande strøymetenester, heimekontorløysingar, gaming og smarthus krev rask og stabil kopling til internett.

Med 5G blir kapasiteten delt mellom alle som er tilkopla den same basestasjonen. På denne måten blir hastigheita påverka av andre i nabolaget ditt som brukar 5G.

Dersom du har eit val anbefalar vi alltid kabla tilkopling. Eit trådlaust signal er mykje meir utsett for forstyrringar enn eit signal som går gjennom fiberkabel. Fri sikt, vêrforhold og avstand til basestasjonen spelar òg inn på kor høg hastigheit du får i praksis.

Med Tussafiber får du alltid hastigheita du betalar for, og du delar ikkje kapasiteten med nokon andre. Fiber er framtidsretta teknologi: ettersom kabelen inn til huset allereie har uavgrensa kapasitet er det enkelt å oppgradere fibermodemet i takt med den teknologiske utviklinga.