Kva leitar du etter?

Tindesenteret Åndalsnes Bedrift
Foto: Jens Holsbøvåg-Lyngstad / TIBE

1-årsjubileum på Åndalsnes

19.02.2024

6. februar markerte Tussa at det er eitt år sidan opninga av det nye kontoret på Åndalsnes. Avdelinga har opplevd god vekst, og etablert seg som ein viktig leverandør av IT-tenester til bedrifter i regionen.

Frukostmøte om digitalisering og sikkerheit

Jubileet vart markert med frukostmøte 6. februar. Tema for møtet var digitalisering og sikkerhet, to område som er meir relevante enn nokon gong.

Under møtet delte Tussa innsikt i det digitale trugselbiletet, og gav tips til korleis bedrifter kan verne seg mot cyberangrep. Tussa presenterte også fleire av tenestene dei tilbyr, som Azure og Microsoft 365 Copilot, og bedriftene fekk råd om korleis dei bør gå fram for å velje den beste IT-løysinga.

Tussa tilbyr framtidsretta og miljøvennlege løysingar, og skreddarsyr tenestene til kvar enkelt bedrift.

Les meir om IT-tenestene våre her:

IMG 02901
«Trygge og gode IT-tenester er kritisk for oss, så då vi skulle velje ny leverandør, var Tussa IKT eit naturlig val på grunn av høg kompetanse og lokalkontoret på Åndalsnes.»
Ole Martin Sørlie – Plasto

Lokalt engasjement og nøgde kundar

Tussa har det siste året styrka satsinga på IT-tenester til næringslivet, og er i dag ein totalleverandør som leverer IT-tenester frå eige datasenter og Microsoft Azure. Kontoret på Åndalsnes styrkar IT-satsinga i regionen og opnar for fleire kundar og vidare vekst.

For Tussa er det viktig med lokalt engasjement og vi tilbyr skreddarsydde IT-løysingar til små og store bedrifter. Kontoret i Havnegata 3 i Åndalsnes sentrum har fem dyktige medarbeidarar med brei kompetanse innan IT-drift, sikkerheit og skytenester.

Fleire av Tussa IKT sine kundar var til stades på frukostmøtet, og dei er nøgde med Tussa som servicepartnar og totalleverandør av IT-tenester.

IMG 02841
«Vi har berre positive erfaringar etter overgangen til Tussa IKT, og set pris på lokal støtte og kortreist ekspertise. Vi i Kroken Gruppen synest det er flott at Tussa IKT er offensive og etablerar seg på Åndalsnes.»
Harald Bakke – Kroken Gruppen

Ta gjerne kontakt med oss for ei samtale!