Kva leitar du etter?

Tindesenteret Åndalsnes Bedrift
Foto: Jens Holsbøvåg-Lyngstad / TIBE

1-årsjubileum og frukostmøte

05.01.2024

I samband med at det er 1 år sidan opninga av det nye kontoret vårt på Åndalsnes, har vi gleda av å invitere til frukostmøte på Utrøna Innovasjonssenter, 6. februar kl. 08.00.

Azure, digitalisering og sikkerheit

Tema for møtet er digitalisering og sikkerheit - område som er meir relevante enn nokon gong.

Tussa IKT vil difor informere om det digitale trugselbiletet, og du får mellom anna vite meir om risikoen for cyberangrep, og korleis bedrifta di best mogleg kan praktisere gode IT-sikkerheitsvanar.

Tussa IKT vil også leggje ut om Azure og Microsoft 365 Copilot, og fortelje om kva ein bør sjå etter når ein skal velje rett IT-løysing til bedrifta.

Til slutt vil samarbeidspartnaren vår Axbit vise døme på korleis dei arbeider med digitalisering i praksis.

Fullt program:

Kl. 08.00 - 08.30 Frukostpakkar blir servert inkl. kaffi og juice

Kl. 08.15 – 08.35 Eit år på Åndalsnes – Steinar Hauge – Tussa IKT

Kl. 08.35 – 08.55 Azure – Øyvind Lislevatn – Tussa IKT

Kl. 08.55 – 09.15 Sikkerheit til frukost – Vigleik Hustadnes – Tussa IKT

Kl. 09.15 – 09.35 Microsoft 365 Copilot – Stian Hofseth – Tussa IKT

Kl. 09.35 – 10.00 Digitalisering i praksis – Siw Bergsås – Axbit

Meld deg på her

Eg aksepterer at Tussa IKT behandlar personopplysningane mine i samband med dette arrangementet. *
Eg ønskjer å motta informasjon opptil ein gong i månaden om Tussa IKT sine arrangement, produkt og tenester.