Kva leitar du etter?

E-faktura

Bruk elektronisk faktura!

Gå over til eFaktura, e-postfaktura eller SMS-faktura - enkelt, papirlaust og miljøvenleg.

eFaktura må du bestille i nettbanken din

  • Faktura kjem i nettbanken din
  • Fakturaen vert lagt til betaling når du har godkjent han
  • Kan kombinerast med AvtaleGiro

Når du inngår avtale om eFaktura kan du velje å motta eit varsel på e-post eller sms når ein ny eFaktura er tilgjengeleg i nettbanken. Du må godkjenne fakturaen i nettbanken før kontoen vert belasta.

AvtaleGiro

AvtaleGiro opprettar og avsluttar du i nettbanken, eller ved å kontakte banken din. Giro vert sendt direkte til banken for automatisk trekk. Du får betalingsvarsel tilsendt på papir eller elektronisk. Ved betalingsvarsel tilsendt på papir, får du eit fakturagebyr på 49 kroner. Det unngår du ved å velje elektronisk varsling.

For at betalinga skal bli utført må du sjå til at det er pengar på kontoen den dagen det er forfall.

E-postfaktura og SMS-faktura

  • Du får varsel om at vi har sendt deg ein faktura på e-post og SMS
  • Betaling skjer på same måte som med ordinær giro
  • E-posten og SMS inneheld nødvendig betalingsinformasjon og lenke til spesifisert fakturainformasjon
  • Kan kombinerast med AvtaleGiro

Fakturagebyr for papirfaktura

For alle som framleis ønskjer å motta faktura på papir, vil det bli lagt til eit gebyr på kr 49,- inkl. mva. som dekkjer kostnadene med produksjon og utsending av fakturaen.