Brukarrettleiingar
På denne sida finn du brukarrettleiingar for oppsett av fibermodem, TV-boks og Premium Wifi.
Velg område
Zyxel WX3401
Kom i gang
Denne brukarrettleiinga er for deg som har ruteren Zyxel EX5501 frå Tussa. Dersom du brukar ein annan ruter kan du setje opp forsterkarane frittståande. Sjå brukarrettleiing her.
- Kople forsterkaren til ein ledig port i ruteren med nettverkskabelen som følgjer med.
- Vent til dei to øvste lysa lyser konstant grønt (symbola for straum og signalstyrke).
- Du kan no kople frå forsterkaren, og plassere den ein stad i huset der du ønskjer å utvide dekninga.
- Hugs at forsterkaren må ha god dekning til ruteren. Dårleg dekning viser som raudt lys på forsterkaren.
- WiFi-passordet ditt er det same som før, og einingane dine vil automatisk hoppe mellom ruteren og forsterkarane for å få best mogleg dekning.
-
Dersom du har fleire forsterkarar kan du konfigurere desse på same måten. Kople forsterkaren til ruteren for å konfigurere den, før du plasserer den ut i bustaden.
-
- Når dei to øverste lampane lyser grønt er forsterkaren klar og har god dekning.
- Dersom den øverste lampen (straum) lyser konstant raudt, betyr det systemfeil. Prøv å kople til straum på nytt, og ta kontakt med kundeservice dersom problemet vedvarar.
- Dersom den midterste lampen (signal) lyser raudt, betyr det at forsterkaren har for dårleg dekning. Flytt den nærare ruteren, eller forsøk å unngå hindringar som murveggar og pipe. Les våre gode råd for trådlaust nett.
- Dersom den midterste lampen (signal) lyser oransje, betyr det at forsterkaren står for nært ruteren. Du kan med fordel flytte den lenger vekk, for å utvide rekkjevidda enda meir.
Oppsett i appen
For å endre innstillingar lastar du ned appen MPro Mesh frå App Store (iPhone) eller Google Play (Android).
I appen finn du fleire innstillingar. Du kan til dømes enkelt setje opp eit gjestenett med eige passord, eller setje opp foreldrekontroll med tidsur på enkelte einingar.