Kva leitar du etter?

Brukarrettleiingar

På denne sida finn du brukarrettleiingar for oppsett av fibermodem, TV-boks og Premium Wifi.

Zyxel WX3401

Oppsett i appen

For å endre innstillingar lastar du ned appen MPro Mesh frå App Store (iPhone) eller Google Play (Android).

I appen finn du fleire innstillingar. Du kan til dømes enkelt setje opp eit gjestenett med eige passord, eller setje opp foreldrekontroll med tidsur på enkelte einingar.

  • Dersom du ønskjer kan du endre nettverksnamn (SSID) og passord. Du kan leggje inn det same som det gamle nettverket ditt slik at du ikkje treng å kople til alt utstyr på nytt, men då er det viktig at du slår av WiFi på ruteren for å unngå forstyrring.

    Spør gjerne kundesenteret vårt dersom du treng hjelp til dette!
    Klikk her for å kome til kundesenteret.