Brukarrettleiingar
På denne sida finn du brukarrettleiingar for oppsett av fibermodem, TV-boks og Premium Wifi.
Velg område
Velg produkt
Oppsett av e-post på iPhone og iPad
Legg til ny konto

Følg desse stega for å setje opp e-post frå Tussa på din iPhone eller iPad. I denne rettleiinga viser vi oppsettet for iPhone, men prosessen er den same på iPad.
- Gå til appen Innstillinger på din iPhone eller iPad, og trykk på Mail.
- Trykk på "Kontoer", som står eit stykke ned på skjermen.
- Trykk på "Legg til konto".
- Dersom du ønskjer å setje opp e-postkontoen frå Tussa, trykkjer du på "Annen".
- Trykk på "Legg til e-postkonto".
Fyll ut kontoinnstillingar

- Skriv inn namnet ditt og di e-postadresse.
- Skriv inn passordet du har fått frå oss.
Om du ikkje har fått eit passord frå oss, kontakt kundesenteret på telefon 70 04 63 00. - Trykk på "Neste" oppe i høgre hjørne.
- Vel "IMAP".
- Under innkomande e-posttenar skriv du inn følgjande:
- Vertsnamn: imap.tussa.com
- Brukarnamn: e-postadressa di
- Passord: passordet du har fått frå oss
- Under utgåande e-posttenar skriv du inn følgjande:
- Vertsnamn: smtp.tussa.com
- Brukarnamn: e-postadressa di
- Passord: passordet du har fått frå oss
- Trykk på "Neste".
Fullfør oppsettet
Telefonen din koplar seg no til e-postkontoen din. Dette kan ta nokre minutt.
- Du får deretter moglegheita til å huke av for E-post og Notater (valfritt).
- Trykk "Arkiver" for å fullføre oppsettet.
- Du kan no lese og sende e-post i appen "Mail", som du finn på framsida på telefonen.
-
- I løpet av oppsettet kan du få opp feilmeldinga "Kan ikke koble til med SSL". Du får då spørsmål om å konfigurere denne kontoen utan SSL. Svar ja på dette spørsmålet.
- Dersom du får opp feilmeldinga "IMAP-tjeneren svarer ikke", bør du kontrollere at telefonen er kopla til internett, og at du har skrive inn rett informasjon i feltet "Innkomande e-posttenar".
- Dersom du får opp feilmeldinga "Passord ikke oppgitt", bør du kontrollere at du har skrive inn rett passord. Du skal ha motteke eit passord frå oss. Dersom du ikkje har fått dette, ta kontakt med kundesenteret.
- Dersom du framleis ikkje får tilgang, kontakt kundesenteret på telefon 70 04 63 00.