Kva leitar du etter?

Brukarrettleiingar

På denne sida finn du brukarrettleiingar for oppsett av fibermodem, TV-boks og Premium Wifi.

Strøymetenester

Slik vel du strøymetenester

Videoen viser korleis du vel strøymetenester på TV-boksen frå Telia

Når du vel inn ei strøymeteneste blir du bedt om å registrere deg. Dette skjer ofte via ei enkel QR-kode.
Du finn enkel framgangsmåte, nyttige spørsmål og svar under kvar strøymeteneste.

  • Via TV-boks: Gå til "Mitt innhold" og "Velg innhold". Trykk på ønska strøymeteneste og bekreft valet.
    Via nettleser: teliaplay.no og vel ønska strøymeteneste.

  • Gå tilbake til "Mitt innhold" og vel ønska strøymeteneste. Ei QR-kode kjem opp på skjermen, denne skal du scanne med mobilen din. Du kjem no til ei aktiveringsside hos strøymetenesta - følg stega for å fullføre.

    Via nettleseren: Etter at du har valt ønska strøymeteneste vil den endre teksta til Aktiver. Klikk på denne og du kjem til ei aktiveringsside hos strøymetenesta - følg stega for å fullføre.

  • Via TV-boksen går du til "Apper" i menyen og vel ønska strøymeteneste.
    Via nettleser eller app: gå til den enkelte strøymetenesta si nettside eller last ned appen på den dingsen du ønskjer å sjå på (mobil, nettbrett, smart-TV, Appel-TV).
    Hugs å logge inn med same e-postadresse og passord som du brukte under aktivering av strøymetenesta.