Kva leitar du etter?

BD 0323

Lærling i elektrofag

Tussa er ei av dei største lærlingbedriftene i fylket på elektro. Som lærling i Tussa får du fagopplæring av høg standard og ei variert læretid med mange spennande utfordringar. Kvart år har vi rundt 20 lærlingar, fordelt på Tussa Installasjon sine avdelingar i Ørsta, Ulstein og Herøy.

Får du lærlingplass hos oss blir du raskt ein del av arbeidsmiljøet. Undervegs i læretida vert du tett følgt opp av fagleg leiar, lærlingansvarleg og montørar/basar på dei ulike prosjekta der du jobbar. Varierte dagar og oppgåver kjenneteiknar læretida i Tussa.

Lang erfaring med å ta i mot lærlingar

Tussa har lang erfaring med å ta i mot lærlingar, og ser på det som eit samfunnsansvar og som ei moglegheit til å tilføre nye krefter til bedrifta. Læretida er ein viktig del av utdanningsløpet, og det vil vi støtte. Med lærlingane følgjer også oppdatering i læreplanar og utvikling i faget, noko vi haustar god nytte av. I Tussa er det godt etablerte rutinar for korleis lærlingane vert følgt opp. Trivsel, sikkerheit og medverknad på arbeidsplassen er viktig.

Vegen vidare

Ved endt læretid og avlagt fagprøve står den nye elektrikaren fritt til å velje vegen vidare. Tussa opplever ofte at fleire ønskjer arbeid vidare, og mange av dei som utmerkjer seg positivt har fått tilbod om fast jobb. I dag jobbar det montørar, basar og prosjektleiarar i Tussa som starta som lærlingar. Nokre har også etterutdanna seg i bedrifta og fått spesialkompetanse etter behov og interesse.

Er det noko du lurer på?

Ring eller send oss ein e-post dersom du har spørsmål om opptaksprosessen eller det å vere lærling i Tussa.