Kva leitar du etter?

BD 8653 mindre

Lærling i IKT-servicefag

Som lærling i Tussa får du fagopplæring av høg standard og ei variert læretid med mange spennande utfordringar. Tussa tek inn lærling i IKT-servicefag i Ørsta og Ålesund.

Tussa er ei populær lærlingbedrift og mange søkjer om lærlingplass kvart år. Den som får plass blir raskt integrert i arbeidsmiljøet og får jobbe saman med medarbeidarane våre som har spesialkompetanse innan IT og kommunikasjon.

Undervegs i læretida blir du tett følgt opp av fagleg rettleiar og lærlingansvarleg i Tussa. Tussa har lang erfaring med å ta i mot IKT-lærlingar. Vi ser på det som ein del av samfunnsansvaret vårt å bidra til utdanninga av neste generasjon IT-konsulentar.

Er det noko du lurer på?

Ring eller send oss ein e-post dersom du har spørsmål om opptaksprosessen eller det å vere lærling i Tussa.