Kva leitar du etter?

BD 6565 4000

M365 Backup

Ein dagleg sikkerheitskopi av heile Microsoft 365-miljøet ditt, som sikrar at du ikkje mistar verdifull data.

Det er du sjølv som har ansvaret dersom data går tapt eller blir kompromittert, uansett om data er lagra on-premise eller i skya.

Det er ei vanleg oppfatning at Microsoft handterer alt, og at skylagringa di blir sikkerheitskopiert automatisk. I realiteten tek Microsoft ansvar for oppetid og infrastrukturen, men ansvaret for langsiktig backup ligg på den enkelte bedrifta. Du er sjølv ansvarleg for å sikre, arkivere og gjenopprette data, som til dømes e-post.

Med denne tenesta får du ein dagleg sikkerheitskopi av all data i Microsoft 365-miljøet ditt, og data blir trygt lagra i vårt moderne datasenter.

Sikkerheitskopien inkluderer brukarane sine e-post- og OneDrive-kontoar, samt data frå felles Sharepoint-løysing og Microsoft Teams.

Med M365 får du backup av:

  • E-post og OneDrive
  • Felles Sharepoint-data
  • Microsoft Teams

Vil du vite meir?

Send inn skjemaet, så tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål?