
Strålande framtid for solenergi
Solenergi er den energikjelda i verda som veks fortast. Tussa Installasjon har bygd seg opp solid kompetanse innan solenergi lokalt, og merkar at veksten er reell også på Sunnmøre.
- Solenergi har fleire fordelar og kan bidra til at verksemder når mål om energieffektivisering
Betre teknologi, lågare produksjonskostnader og aukande etterspurnad etter fornybar energi har gjort solenergi til ei stadig meir attraktiv energikjelde. Også i Noreg er det nok sol til at det er fornuftig å byggje ut solcelleanlegg. I følgje NVE har undersøkingar vist at produksjonen frå solceller i Noreg er på same nivå som fleire andre stader lengre syd i Europa.

Hjelp til å nå klimamål
Tussa Installasjon opplever at solenergi er inkludert i stadig fleire nye næringsbygg. Også blant privatpersonar er interessa veksande.
- Solenergi har fleire fordelar utover å vere ei klimavenleg energiform som ikkje medfører naturinngrep. Det er ein relativt enkel installasjon utan behov for graving eller sprenging. Det er også minimalt med driftskostnader og vedlikehald dei neste 20-30 åra etter installasjon. Vidare kan solenergi bidra til at verksemder når mål om energieffektivisering, nullenergihus og plussenergihus, seier Roar Stenersen, adm. direktør i Tussa Installasjon.

Mange lokale prosjekt
Høgskulen i Volda, Herøy brannstasjon og Ulsteinvik barneskule er nokre av bygga som Tussa har levert solceller til.
På Herøy brannstasjon dekkjer anlegget 450 m2 av taket, og består av 264 solcellepanel med ei effekt på 320 W pr. stk. Det er forventa ein årleg kraftproduksjon på om lag 58 000 kWh. Barneskulen i Ulstein får 142 solcellepanel på taket, med ein forventa årleg kraftproduksjon på 27 000 kWh.
Det finst også døme på leilegheitsbygg som vert ført opp med solcelleanlegg. Tussa Installasjon har også montert solceller på sine eigne forretningsbygg.
Har du spørsmål om installasjon?
- Kontakt Tussa Installasjon
- Ring oss på 70 00 90 30
- Send e-post
- Bestill installasjonstenester