Kva leitar du etter?

Teknomagi 2025 web 720x450

Teknomagi 2025

12. juni inviterer vi saman med Nordea og NTT Security til ein magisk og matnyttig teknologikonferanse som passar for deg som både vil bli inspirert og sjå ny teknologi implementert.


Påmeldingsskjema nede på sida.

Opplev magien med teknologien

Teknologi har alltid hatt noko magisk ved seg. Vi står i ei ny bølgje av teknologisk utvikling, og det som før var framtidsvisjonar er ikkje berre realitetar – men moglegheiter. For å utnytte moglegheitene på ein trygg, ansvarleg og berekraftig måte må vi forstå teknologien.

På Teknomagi 2025 får du høyre frå dei som formar utviklinga, utfordrar det etablerte, og gjer teknologi til ein strategisk ressurs. Vi ser forbi overskriftene, på korleis bedrifter kan ta i bruk ny teknologi for å liggje i forkant av konkurransen. Vi har med oss forfattar Bjørn Vatne som konferansier.

Velkommen til Teknomagi 2025

Torsdag 12. juni - Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund.

PROGRAM

10.00Registrering, kaffi og drøs
10.20Velkomen
10.45Teknologisk forestillingsevne vert ein avgjerande leiarkompetanse
Camilla AC Tefpers
11.10AI-agentar gjer det umoglege mogleg
Asgeir Vikanes
11.30Lunsj
12.30Teknologi i Sjømatnæringa
Finn A Egeness, Nordea
12.50Frå science fiction til røynd på ein torsdag
Pål Haugen
13.30Pause
13.45Cybersikkerheit når IT møter OT
NTT Security, Fortinet, Tussa IKT
14.30Frå verdsrommet til Teknomagi
Jannicke Mikkelsen
15.15Pause
15.30Sofaprat med Pål, Finn, Asgeir, Camilla og Jannicke
15.50Oppsummering
Slutt ca 16.00
17.00Middag og underhaldning av Arne Hjeltnes og Stig Bareksten
Det kan kome endringar i programmet


På scena får du oppleve

Frå verdsrommet til Teknomagi

Verdsrommet kjem nærare enn nokon gong når Noreg sin fyrste astronaut Jannicke Mikkelsen kjem til Ålesund. Med temaet «Vegen til verdsrommet» tek Mikkelsen publikum med bak kulissane i romfartslivet, og deler erfaringar frå ein kvardag der teknologi ikkje berre er verktøy, men livsnaudsynt. Ho kjem rett frå Los Angeles til NMK i Ålesund for å fortelje og inspirere.

Teknologisk forestillingsevne vert ein avgjerande leiarkompetanse

Innovasjonseksperten Camilla Tepfers er partnar og gründer i InFuture, og har snart 30 års erfaring med digitalisering, innovasjon og strategiutvikling. Teknologi kan utløyse store gevinstar, men det må meir til enn å investere i teknologi for å realisere dei. I føredraget vil du få kjennskap til tre mentale sperrer som kjem i vegen for vår teknologiske førestillingsevne, og korleis du kan kome over dei.

Teknologi i sjømatnæringa

Ikkje alt var betre før? Ny teknologi er viktig, og kan gje store fordelar dersom den brukast rett. Finn-Arne Egeness er sjømatanalytikar i Nordea og følgjer sjømatnæringa tett kvar einaste dag, og arbeider med å analysere kontantstrøymane til ulike sjømatbedrifter og forstå utviklinga. I føredraget vil han vise oss korleis sjømatnæringa arbeider med ny teknologi, og kva moglegheiter det har gitt både i fiske, produksjon og marknadsarbeidet.

AI-agentar gjer det umoglege mogleg

Asgeir Vikanes er CEO og rådgjevar i RAPID by OXX, eit framtidsretta teknologiselskap som arbeider med å definere morgondagen sine moglegheiter med teknologi som akselerator. Med fokus på nyskapning og innovasjon, har han ein djup forståelse av dei nyaste teknologitrendane og jobbar kontinuerlig med å skape auka effekt for kundane sine. Med AI-agentar viser han korleis bedrifter kan ta steget inn i framtida og nye teknologiar.

Frå Science fiction til røynd på ein torsdag

Teknologien har aldri vore lettare å ta i bruk – og Pål Haugen skal vise deg korleis. Pål er seniorrådgjevar ved Ålesund Kunnskapspark (ÅKP) og DigiCat (Digital katapult), her jobbar han med å implementere kunstig intelligens (KI) i norske bedrifter. Du får vere med inn i ei reise og ei verd der kunstig intelligens forstår bilete, sensorar som følgjer med på verda rundt oss, og VR-briller som let deg gå planken utan å sette ein fot utanfor lokalet.

Under føredraget får du innblikk i korleis AI, IoT og VR no er tilgjengeleg for alle – ikkje berre for teknologar og nerdar. Det vert praktiske demonstrasjonar, latter og kanskje ei lita utfordring til sansane dine.

Cybersikkerheit når IT møter OT

Når produksjonen vert digital, opnar vi dørene – ikkje berre for effektivitet, men også for truslar. Overgangen mellom IT og OT gir store gevinstar, men også ei ny og sårbar angrepsflate. Kven har ansvaret når cybersikkerheit ikkje lenger stoppar ved kontordøra?

I dette føredraget møter du Øyvind Dahl, salsingeniør i Fortinet, som deler innsikt i korleis industrien kan byggje tryggleik inn i det operative miljøet frå starten av. Robert Stahlbrand frå NTT Security gir deg siste nytt om trusselbiletet – både på IT- og OT-sida. Vigleik Hustadnes, leiar for informasjonssikkerheit i Tussa IKT, viser kvifor tidleg oppdaging er avgjerande, og korleis du faktisk kan få det til i praksis.

Magiske historier

Etter det faglege programmet kan du bli med på middag med underhaldning av Arne Hjeltnes og Stig Bareksten. Arne Hjeltnes fortel om "People of the North", norsk reiseliv og mat. Stig Bareksten fortel om sitt spriteventyr. Bareksten er ein norsk destillatør, gründer og forfattar som er kjent for sitt engasjement innan akevitt og spiritus. Han er grunnlegger av Bareksten Spirits og var med på å starte Det Norske Brenneri.

Konferansier

Forfattar Bjørn Vatne frå Ålesund vil leie oss gjennom dagen. Han har jobba som journalist fram til han i 2015 debuterte med romanen "Slik skal vi velge våre ofre". Den vart kåra til årets roman av norske bokbloggere. I 2018 fekk han Stig Sæterbakkens minnepris som vert delt ut til ein forfattar med overbevisende litterære kvaliteter, originalitet og mot til å skape sine egne prosjekt. Vatne har studert blant annet sosiologi og medievitenskap ved Universitetet i Bergen, og har gått Forfatterstudiet ved Universitetet i Tromsø. Nyleg vart han også valt til leiar for den norske forfatterforeninga.